FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal - 1998

Statusrapport:  Fotografane i Møre og Romsdal,  Vanylven  kommune

 Fotograf Sverre Brudevoll

(f1917-1999.)

Biografiske opplysningar i artikkelform

 

 

 

Opplysningar etter samtale i Syvde, Vanylven kommune  1. desember 1997

 

Fotograf Sverre Brudevoll si historie handlar om ein handverkar som vaks opp i 30-åra, i ei tid då vilkåra nok var mykje tyngre enn i dag. Det var ofte vanskeleg å få løna arbeid, og det var knapt med ressursar. Mange sleit med veik helse og den smittsame tuberkulosen herja med folk.

  

Fotograf Sverre Brudevoll er fødd 6.6.1917 Han vaks opp i en syskenflokk med fem gutar og ei jente. Foreldra, Anna f. Nordal og Andreas A. Brudevoll var gardbrukarar på Brudevoll, gard nr. 88, eit gardsbruk som  ligg mellom Vik og Nordal i noverande Vanylven kommune på søre Sunnmøre.

 

 

NOK Å GJERE

Sverre og syskena fekk ei oppvekst med mykje kroppsarbeid på heimgarden. Det var alltid nok å gjere på garden. Sverre arbeidde elles med litt av kvart, og var også i såkalla «drengeteneste» med andre. Heime var det broren Alf som hadde odel. Han overtok garden ei tid etter at han kom heim etter vel 20 år i Canada.

 

PÅ ARBEID I STORDAL

På midten av 30-talet fekk Sverre arbeid hos gardbrukar og sykkelfabrikant P.I.Øie i Stordal. Han hadde interesse for mekanikk, men det halve året han var i Stordal vart det mest gardsarbeid og litt heimefiske, og ikkje mykje arbeid på sykkelfabrikken.

 

Halvåret kring 1936-37 i Stordal ga likevel ymse impulsar. Gamlekaren på garden sette garn av og til innafor Dyrkorn. Det var eit heilt stykke å ro, minnest Sverre. Og der vart brukt to par årar. Så her fekk han lære både å ro og ro i takt!

 

Under opphaldet trefte Sverre Peder Sæter. Han var gift med syvdejenta Haldis Nord og Sverre var alltid velkomen i heimen deira. Sæter hadde ein mekanisk verkstad. Men han dreiv også med litt fotografering og framkalling, og tok i mot film til kopiering. Sæter hadde innreidd eit lite mørkerom under kjellartrappa, og der vart Sverre innvigd i mørkeromskunsten. Det var her Sverre aller først vart fengja av fotogarferinga.

 

I LÆRE PÅ STRANDA

Kort tid etter sende Brudevoll søknader om lærlingeplass til fleire fotografar i distriktet. I 1939 fekk han tilbod både hos P.P.Lyshol i Sykkylven og hos fotograf Martin Ringstad på Stranda. Vilkåra var best hos Ringstad, så her vart det opplæring fram til krigen braut ut.

 

Ringstad hadde eit bra atelier og godt fotoutstyr. Men læretida vart brått avslutta etter eit halvt års tid. Då vart Sverre innkalla til restteneste i militæret og beordra til teneste i ein skipatrulje på Oppdal i Sør-Trøndelag. Men han vart ganske straks sendt vidare på nøytralitetsvakt. Dei skulle møte på Rinnleiret ved Levanger i Nord-Trøndelag den 9.april! På vegen til Levanger 9.april om morgonen køyrde toget gjennom Trondheim. Då sto tyske soldatar allereie vakt på jernbanestasjonen! Toget og passasjerar fekk likevel halde fram vidare nordover. Togturen resulterte i nærare ein månad feltliv kringom Levanger, Steinkjer og Snåsaområdet, til ein måtte kapitulere for den tyske overmakta.

 

I juni vart soldatar knytt til jordbruket dimitterte. Sverre prøvde på nytt å få kontrakt på Stranda. Men no passa det ikkje like godt for Ringstad. Det var materialmangel og utstyr var det også lite av. Aktiviteten hos fotografane, med unntak av fotografering til dei obligatoriske passa, var ikkje stor under krigen.

 

Sverre Brudevoll i kjellarstova

 

FRAMKALLING OG KOPIERING

Sverre byrja i staden med framkalling og kopiering av film heime i Syvde. Fyrste kameraet han hadde var eit Kodak Folding 8,5x14cm rullefilmkamera, som ved kontaktkopiering ga kopier i

 

Heimelaga atelierstativ til det store 18x24cm-kameraet.

 

prospektkortstørrelse. Apparatet, som han hadde kjøpt av ein norskamerikanar,  var forholdsvis nytt. Men filmen var dyr, så det blei ikkje noko sløsing! Sverre fekk etterkvart betre utstyr og røynsle nok til å gå i gang med handverket sitt. Det han ikkje fekk kjøpe prøvde han med godt handlag å lage sjølv. Og etter krigen fekk han tilsendt diverse utstyr frå ein snill og hjelpsam onkel i USA.

 

På våren i 1941 vart Brudevoll råka av brysthinnebetennelse og den frykta tuberkulosen. Han vart sengeliggjande resten av året. Matlysta var dårleg, - krisemjøl ga lita apetitt. Distriktslegen var først redd for å skrive ut ein kveitemjølsattest. Straks før jul i 1941 vart han sendt til Reknes Sanatorium i Molde kor «tubistane» vart samla. Etter nokre månader kom han seg såpass at han fekk reise heim og så smått ta til att med fotograferinga.

 

TURBERKULOSEN SVEKKA ARBEIDSEVNA

Sjukdommen, som han kanskje vart smitta av under militærtenesta, sette Brudevoll helsemessig sterkt tilbake. Gjennom resten av krigen gjekk han mykje å hangla og hadde desse åra eit par-tre tilbakefall av sjukdommen. Men han kom seg likevel såpass bra at han i 1951, og i ca ½ års tid, fekk seg lære og arbeidsplass hos fotograf Martin Velle i Ørsta. Eit brevkurs med den danske fotografen Sven Turk var til god lærdom. I tillegg studier gjennom bøker og fleire fototidsskrift.

 

Tuberkulosen var ein uhyggeleg sjukdom. Mange fekk tilbakefall og døydde.

 

I 1952-53 vart Brudevoll sjuk igjen. På nytt fekk tuberkulosen overtaket. Han fekk eit alvorleg tilbakefall. Romsdal Helseheim i Vestnes vart neste stopp. Fram mot eit år vart han verande der. Men ein større operasjon og nye medikament gjorde at han kom seg, om enn med ei svekka helse som har merkt han på fleire måtar resten av livet.

 

Kanskje var Brudevoll heldig likevel, som hadde det fysisk lettare fotograferingsarbeidet å gå tilbake til.

 

INSPIRERT AV BROREN

Sverre sin bror Alf, hadde utvandra til Canada kring 1930 og var borte i 20 år. Då han kom heim i 1951 var det opphavleg berre på visitt. Av ulike grunnar vart han verande og greidde å omstille seg til gardbrukar etterkvart. I Canada var Alf blitt interessert i foto og hadde vore medlem i Torronto kameraklubb. Også fargefotografering på lysbilete hadde han eksperimentert med der. Alf hadde eit godt grunnlag og var aktiv med både dias og vanleg fargefoto som privat hobby i Syvde. Han var ei viktig inspirasjonskjelde og til hjelp for Sverre då han starta opp etter det siste sjukeopphaldet.

 

ELEVANE GODE KUNDER

Under krigen starta Bottolv Holsvik Realskulen i Syvde. Her var mykje tilreisande ungdom og Holsvik dreiv svært, - og Brudevoll fekk oppdrag med å fotografere portrett og gruppebilete. Dette skulle syne seg å bli ei viktig inntektskjelde.

 

Montasje av elevar frå Realskulen i Syvde.

 

Han fotograferte elevkull etter elevkull, og monterte dei kjende gruppebileta med portrett av elevar og lærarar rundt eit bilete av skulen. Montasjen var i format kring 70x100cm. Dette store biletet vart avfotografert og kopiert opp til format 18x24cm  eller 24x30cm. Det var eit handarbeid heile vegen, fortel Brudevoll. Han er framleis litt stolt av desse gruppemontasjane, som han kanskje gjorde seg vel mykje flid med ut frå «lønsemdprinsippet». Frå slutten av krigen vart det i tillegg mykje framkalling og kopiering av amatørbilete for elevane.

 

Då Brudevoll etablerte seg i ein leigd kjeller i Syvde i 1955, vart det portrettfotografering både av barn og andre, familiefotografering og ikkje minst brudebilete.

 

Heim, butikk og fotoatelier under same tak i Syvde sentrum.

 

 

I 1984 vart Sverre pensjonist med minstepensjon. Men ettersom han nokre år før hadde bygd og flytta inn i eige nytt hus, laut han framleis stå på så langt han makta for å klare lånegjelda.

 

Fordi det kunne vere ein samanheng mellom militærtenesta, krigstenesta og tuberkulosen vart det prøvd om Sverre kunne få ein krigspensjonering i tillegg? Mistanken om smittekjelde i militæret var nærliggjande, 6-7 mnd etter at han hadde dimittert kom jo symptoma på tuberkulosen.

 

Men Rikstrygdeverket hadde inga forståing. Svaret var berre «snikk-snakk» og avslag. Søknaden vart avslegen. Sverre er i dag berre glad for at han med lite og inkje hjelp frå det offentlege, og trass sitt helsehandikap, likevel har klart alle sine forpliktelser og står i dag som gjeldfri mann.

 

 

Frå «bakrommet»

NATUR OG PORTRETT

Sverre Brudevoll bur i dag i Syvde sentrum, tett ved noverande Vanylven vidaregåande skule. Husværet rommar butikk, atelier og bustad. Butikken er framleis open kvar dag. Her er atelier, og i mørkerommet står eit 6x9cm forstørringsapparat for vart/kvitt og eit 13x18cm kaldtlystopp kopieringsapparat for 13x18 og 18x24cm. Den eldste delen av platearkivet og filmane er også oppbevart her.

 

Frå butikken.

 

Det er høgt under taket på atelieret der Bowens blitsutstyr står. - Ungane var rolegare under fotograferinga før, då skreik dei heller av «redsel», fortel han. I dag er det ikkje mogleg å få dei til å sitte i ro i 1/50dels sekund. No trengst visst meir hurtigarbeidande utstyr til for slik fotografering, seier han.

 

Det er naturleg nok portrettfotograferinga som har vore det viktigiaste for inntekta. Men best har Brudevoll likt seg når han på fritid har vore ute og fotografert landskap, på turar i dei fine omgjevnadene i heimkommunen og under andre turar. Av og til utfordra han kanskje helsa, td.. då han bygde ei hytte i fjellet. I naturen har lysbiletefilmen vore festa «laust» i kamera, og mange fine motiv har han kome heim med. Kodachromen var for det meste favorittfilmen den første tida. Og desse lysbileta er like fine i dag. Geveratfilmen td., som var billegare, har diverre kasta fargane. Men det er ikkje berre bilete han har hatt med heim frå fjellet. Sekken har ofte vore fylt med ulike steinsortar som han har pynta med heime.

 

Fotograf Sverre Brudevoll med sitt Mamyia RB 6x7

 

Sverre er ugift og var mykje sjuk då jamaldringane var ute og «om seg». - Det hadde sikkert vore ein fordel å hatt nokon som kunne hjelpe til, betrur han oss. - Noko vart forsømt, og i høve fotograferinga skulle han gjerne hatt ei kone til bokhald og journalføring, nokon til å stå føre registrering og halde orden på fotooppdraga og filmane. Då hadde det kan hende vore lettara for andre å finne fram i arkivet seinare, seier han.

 

Sverre Brudevoll bygde hus i 1980. Litt tidlegare vart det investert både i Mamyia RB 6x7 fotoutstyr og blitsanlegg. Tida med fargefotografering hadde for alvor kome. Brudevoll kjøpte framkalling og kopieringstenester frå Preus fargelaboratorium i Horten, ein kontakt han framleis brukar. «Fotografen» stod på eit stort skilt utanfor huset. Og fotografen dekte dei lokale behov for fotografisk handverk, sal av film og framkallingstenester i den tidlegare Syvde og seinare Vanylven og delvis Sande kommune.

 

Han hugsar at han ein laurdag hadde tre brudepar til fotografering. Og det var bra på ein plass som Syvde, seier han. Men bygda og kommunen var nok helst for liten til at det blei nok fotografering til nokon romsleg levemåte. Sal av fotoartiklar og ferdige rammer og framkalling av amatørfilm vart viktig for inntekta.

 

PASSFOTOGRAFERING

Den siste brudefotograferinga Brudevoll gjorde var kring 1993. Opptaka kosta då 600 kroner. Med to rullar fargefilm fikk kunden 15-20 bilete - Her låg eg nok under i pris og var nok jamt litt for rimeleg med bileta, trur han. - No tar eg ikkje brudebilete lenger. Det vert for mykje press og for risikabelt sidan eg gjer slik så sjeldan. Ein treng trening og td. krava til stadig nye bakgrunnar vert stadig større, seier han.

 

Gruppefotografering av konfirmantar i Syvde «overtok» han etter fotograf Storegjerde i 1942. I 50 år dreiv Brudevoll med dette. Etter samanslåinga med Vanylven fekk Brudevoll også konfirmantfotograferinga for dei to andre kyrkjene i Vanylven.

 

Passfotografering vert framleis utført til kr 80.- for 4 stk. Dette er ikkje meir enn kva ein bør ta, seier han. Sjølve fotoarkivet er bra bevart, og i mellom kjem det inn nokre tingingar. Dei utførast mest som service, dei er ikkje viktige for inntekta no.

 

Passbilete av fotoarkivar Ragnar H. Albertsen 1.des. 1997

 

Fotoutstyret har jamt vorte fornya, og ein del av det gamle er teke vare på. Brudevoll driv ikkje eigen rammeverkstad, men sel fabrikkframstilte rammer. Med unnatak av nokre reproarbeid er det nesten slutt på svart/kvitt for han også no.

 

GODE KOLLEGAER

 

Dei fleste originalbileta Riise hadde hatt på utstilling heime og ute, hang på veggane i husværet hans i Syvde. Særs mange  vart øydelagde under brannen. «I 1965 gjorde han en avtale med Jarle Strømme om å donere et bredt utvalg av sine fotografiske arbeider til Statens håndsverks- og kunstindustriskole. (43) Fotografiene ble vist under åpningen av Fotogalleri i 1967, ved Statens Håndverks-og Industriskole i Oslo, sammen med fotografier av den svenske fotograf K.W.Gullers. I forbindelse med utstillingen donerte John Riise 200 fotografier til det nyåpnede galleriet, som i dag er deponert ved Henie-Onstad Kunstsenter..»

Frå E.K.Gange si hovudoppgåve om John Riise

 

Sverre Brudevoll har ein fin heim. Mange bilete heng på veggane. Både fotografi han sjølv har teke og andre sine bilete. Bilete frå turar og frå fiske i ymse fjellvatn, og med slektningar i lokal natur. Brudevoll har også fleire fotografi av den kjende fotokunstnaren John Riise frå Hareid. Riise budde i Syvde og leigde husvære i Syvde Meieri. Og Brudevoll og Riise hadde mykje kontakt. Begge var fotografar, ugifte, og spelte litt orgel til husbruk. Riise dreiv og litt med komponering.

 

Riise fekk mykje hjelp av Brudevoll etter at Riises arkiv og bustad i 1968 vart herja av brann. Det som vart berga måtte ein vaske og reinse og leggje ut til tørk.

Etter brannen prøvde Riise så smått å byggje opp arkivet igjen ved å låne inn bilete og reprodusere. Då var venskapen med Brudevoll viktig. Riise hadde sjølv ikkje noko godt reprokamera,  Brudevoll sitt var i alle høve betre.  Som takk for hjelpen fikk Brudevoll nokre Riise-bilete, som i dag prydar veggane i heimen.

 

 

 

 

 

 

Fotokunstnaren John Riise portrettert av Sverre Brudevoll i 19…

 

Disse særeigne Riise-bileta vart kopiert samen frå fleire ulike negativ, og abstrakte bilete i svart/kvitt vart flotte kunstverk. Bileta vart ofte handkolorerte etterpå. Ikkje eit bilete var likt det andre. Det vart ofte slik, fortel Brudevoll, at når nokon ville ha Riise-bilete avfotograferte Brudevoll originalen, laga kopiar og Riise signerte desse.

 

 

 

Riise hadde også eit atelier i Oslo. Men som adventist kunne ikkje Riise

fotografere brudepar om laurdagane. Kan

hende han heller ikkje var så interessert i denne type fotografi, meiner Brudevoll.

Ein del portrett vart det sjølvsagt, bilete han ofte brukte blyanten på etterpå. Under krigen flytte Riise tilbake til heimbygda Hareid, men kom seinare til Syvde. Men dreiv lite med fotografering her. Riise var ein av pionerane innan fotokunsten i Noreg og Eva Klerck Gange skreiv har skrive ei hovudoppgåve i idehistorie om John Riise

 

STOREGJERDE-ARKIVET

Brudevoll hadde også ein heil del kontakt med fotograf Olav K. Storegjerde. Storegjerde, som gjerne brukte sykkel, ville ha Brudevoll til Selje ein gong. Men Brudevoll takka nei, han ville ikkje utfordre helsa. Storegjerde likte å skrive, og Brudevoll og han korresponderte ein del.

Med base på Larsnes i Sande fotograferte Storegjerde i eit stort distrikt, nærast på heile søre Sunnmøre og i Selje i Nordfjord. Det var særleg gruppebilete av konfirmantane og han fotograferte ved alle kyrkjene. Men i 1942 kom truleg noko i vegen for Storegjerde. Sverre Brudevoll overtok arbeidet og heldt fram som «fast» fotograf for kyrkja i Syvde.

 

Ei tid etter at Storegjerde døydde var Brudevoll med som fagmann for å berge plater Storegjerde hadde frå Syvde. Platene stod på skade i ein kjellar og mange var i dårleg tilstand. Ein del var knuste og skadde av lekkasje i den gamle stova fotografen hadde på heimgarden Storegjerde på Larsnes. Slik vart Brudevoll med og berga ein del av det store fotografarkivet. Etter ei sortering overtok Sande sogelag det meste av Storegjerde-arkivet.

 

 

Nærmaste kollega og konkurrent for Brudevoll har vore Lystad i Ørsta og Kornberg i Volda. Andre fotografar i rimeleg nærleik var Furmyr i Fosnavåg og Hamre i Måløy. Brudevoll meiner det var og er altfor mykje «kiving» mellom fotografane. Han hugsar at pris var tema kvar einaste gong fotografane hadde laugsmøte. Ein skulle ikkje utkonkurrere kvarandre, men sa gjerne ein ting på møta, og gjorde noko anna når dei kom heim. Samstundes var det ikkje lov å samarbeide på pris.. Ein gong vart det sett opp ein felles, men høgst uoffisiell prisliste. Men pristilsynet fatta mistanke,  og nokre av fotografane vart bøtlagde.

 

Lokala er godt utnytta. Her litt frå «bakrommet»

 

ARKIVET

Brudevoll har teke vare på alle negativ og fotoarkivet er komplett. Men konkrete planar for vidare oppbevaring eller registrering av negativa har han ikkje. Det får kanskje andre ta seg av? Eit  samarbeid med sogelaget er omsnakka. Brudevoll har også teke vare på brev og deler av rekneskapa frå verksemda si. Ma. svar på søknader om lærlingeplass. Det var harde vilkår skal ein tru krava ein meister framsette i eit svarbrev: Middelskule med kjemi og språk, og tre år utan lønn. Det var ikkje særskild freistande lærevilkår, minnest Brudevoll frå innhaldet i eit av «tilboda».

 

Utanom ei nedkorta læretid hos Ringstad på Stranda og Velle i Ørsta, er Sverre i stor grad sjølvlært som fotograf. Han har supplert med brevkurs. Særleg kurset som den danske fotografen Sven Turk stod bak ga han mange gode impulsar.

 

Sverre går no i sitt 81 år og ser «uforskamma» kjekk ut, trass i eit langt liv med mykje sjukdom.

 

 

FylkesFOTOarkivet, 16.02.1998,

med korreksjon 23.03.1998

 

 

Ragnar H. Albertsen

Fotoarkivar/fotografmester

 

Alle foto i rapporten: © Ragnar H. Albertsen