Fotosamlaren lokalhistorikaren, trykkerimannen, læraren, journalisten, forfatteren, redaktøren, fotografen og odelsguten Johan Ottesen Biografiske opplysningar i artikkelform
Johan Ottesen i Ulsteinvik med eit lite flyfotoapparat rundt halsen. Foto: Ragnar H. Albertsen 1996
EIN «HANGARD» MED FLYFOTO
Opplysningar etter samtale og omvising 28.10.1996 med Johan Ottesen i Ulsteinvik.Ein kan undrast kva som driv samlarmanien i oss. For nokre vert hobbyen altoppslukande og i mellom ein galskap. For andre berre eit pengesluk. Nokre satsar på frimerke eller knivar, nokre startar med servietter eller myntar og endar opp som antikvitetshandlarar. Mindre materiell er slektssamlaren, eller granskararen, han som samler på minner og gamle fotografi. For dei fleste av oss forsvinn interessen etter ei tid eller vert avløyst av ein annan hobby? Johan Ottesen vart fotosamlaren på Sunnmøre som måtte byggje eige hus for å få plass til hobbyen sin og sikre alle bileta for framtida. I 20 år har han heldt det gåande og ser ikkje ut til å ville gje seg med det første heller.
I norsk fotobevaring er Johan Ottesen, trykkerimannen, læraren, journalisten, forfatteren, redaktøren, billedsamleren og odelsguten eit kjent namn i statistikkane. På ein måte er han mannen alle har hørt om, men få har truffet. Med landets største fotoarkiv på private hender, over 250.000 negativ, ruver den sindige sunnmøringen i lokalhistorisk samanheng.
Arkivet til Johan Ottesen er dominert av bilda frå dei tre flyselskapa:
1) Telemark Flyselskap ca. 140.000 periode 1952-1971
2) K. Harstad (Oslo) ca. 50.000 periode 1925-ca.1970
3) Norfly (Hønefoss) ca. 60.000 periode 1952-1974
I Norfly sitt arkiv er det ca. 20.000 fargenegativ, i dei andre berre få fargebilete. Johan Ottesen har laga katalogar over bileta og slik sett letta formidlinga monaleg.
BYGDE EIGE HUS TIL ARKIVET
Ein del skeptiske blikk frå offentleg fotobevaring fekk nok Ottesen då han i slutten av 70-åra skaffa seg kontroll over store deler av den norske flyfotoskatten, arkiva etter dei tre store flyfotoselskapa Telemark Flyselskap A/S, K. Harstad kunstforlag A/S og Nordfly A/S. Mistanken om at han tener store pengar på dette blir han vel aldri kvitt.
Johan Ottesen tek i mot og viser rundt i det flotte fotohuset på gardnr. 7, bruk 5 i Ulstein kommune. 700.000 i direkte utgifter, pluss stor eigeninnsats til bygginga er summene så langt som var nytta då han flytta inn i oktober 1995. Her er skrivestove, kontor og magasin og eit lyst utstillingslokala med 40-50 innramma fotografi på veggane og på lettveggar. Bilete frå Ulstein og Hareid er tekne av lokale fotografar som Gustav Osnes (1881-1964) og Randolf Ulfstein (1920-1987). Her heng sjølvsagt også flyfoto.
Permer med bilete fra Ulstein og Hareid, bilete folk kan bla i og finne illustrasjonar til ulik bruk ligg på to mindre skrivebord.
Frå det kombinerte galleri, utstillings- og møterom.
Eit skap står i det søre hjørnet og inneheld eit imponerande utval gamle kamera, ma. eit svensk flyfotokamera der glasplater var film. Eit svært 18x24cm atelierkamera på hjul pynter godt opp. Eit kamera han fekk til fornuftig pris etter at eigarane forgjeves hadde forsøkt å presse prisen opp på ein Oslo-auksjon. Historia til kameraet har han i detalj.
Ottesen har også mange gamle fotoapparat
Utstillingsrommet skal nyttast til ulike føremål, fortel Ottesen. Ulstein Sogeleg er mellom dei som har hatt møte her. Huset er praktisk innreidd. Men framfor alt er det bygd for å sikre den over 250.000 stk store fotoskatten som Johan Ottesen har sikra seg gjennom fleire år med foto og lokalhistorie som hobby og journalistikk og forfattarskap som yrke.
Kjellaren er inndelt i fire store rom. Det eine som mørkerom, dei tre andre som magasin. Mørkerommet inneheld eit stort 24x30cm autofokus kopieringsapparat kjøpt frå eit trykkeri i Oslo. Det er svære greier og eigentleg eit apparat som i si tid kosta kr 250.000 og brukt til fargeseparasjon. Det nyttar høgspenning, har eige kjølesystemvifter og er slett ikkje lydlaust i bruk. Men det passar ypparleg til kopiering frå store originalnegativ! Ein stor våtbenk, er arva frå "Vikebladet", lokalavisa for Ulstein og Hareid. Eit vanleg Durst 35mm kopieringsapparat står her og ei reprosøyle med tilhøyrande lys.
I dei tre adskilte magasina er fotomateriale oppbevart. I eit av dei ein heil del anna lokalt arkivmateriale i tillegg. Originale arkivskap frå flyfotoselskapa og det opphavelege arkivsystema deira er intakt og brukast. Her er skuff på skuff med negativ, over 1.000 i kvar. Ein del er nitratfilm. Ei omfemnande ompakking av materiale er allereie gjort sjølv om mykje står igjen. Det kostar kring 200.000 berre i syrefrie konvoluttar å pakke om 250.000 negativ! Nummer er rasjonelt trykt dei nye konvoluttane.
I hovudmagasinet står hygrometeret som vart innkjøpt då SFFR på oppdrag frå Norsk Kulturråd starta ei landsomfemnande undersøking av Norske Fotoarkiv. Johan Ottesen var med i prosjektet og tilhøva her fekk særs gode karakterar. Ottesen tar ikkje kontinuerlege målingar no, berre stikkprøver av tempereatur og luftfukt. Men klimaet er godt.
Ottesen har eit stort 24x30cm autofokus kopieringsapparat
Eit klimaanlegg styrer og kontrollerer luftfukt og temperatur på ein slik måte at magasinet i dag framstår som det beste sted for oppbevaring av fotografisk materiale i Møre og Romsdal. Eit brannspjeld sprett opp om temperaturen vert for høg, avkjøla luft vert pumpa inn. Tilhøve som gjer ein offentleg fotoarkivar ganske så misunneleg.
Ein termohydrograf skriv ut kurver for tepmeratur og luftfukt i magasinet.
Ottesen har mykje og ulikt historiske materiale i arkivet sitt. Her finns lydbandopptak til ei framtidig bygdebok, opptak og registrering av stadnamn og gamle båtar har særleg vore eit interessefelt for Ottesen. Opp gjennom åra har det blitt mange historiske artiklar og mange bilete har han reprodusert til bruk saman artiklane sine og i hefte og bøker han har skrive.
JOHAN OTTESEN
Interessen for lokalhistoria har han alltid hatt, bondesonen på søre Sunnmøre. Han kjøpte kamera då han gjekk på gymnaset på Sandane i Nordfjord og fotograferte som amatørar flest. Etter gymnaset vart det studier i statsvitskap, sosiologi og historie og etter «ped.sem». var han lærar i eit år. I studietida arbeidde han med produksjon av fag-ordbøker for skoleboknemnda til Studentlaget i Oslo. Det var engelsk/norsk ordbøker i sosiologi, Edb og politikk. Dette arbeidet heldt han fram med etter studiene samstundes som han fekk lærarposten på Hareid.
Johan Ottesen er odelsgut og fødd 10.august 1944. Men foreldra oppmoda både han og dei fire andre syskena til å ta utdanning. Garden, i si tid ein storgard i Ulstein, var ikkje stor nok til å fø ein familie i moderne tid. Tradisjonell gardsdrift med eigne dyr hadde familien Ottesen rett nok fram til 1980, og heilt fram til våren 1996 var jorda pakta bort og fjøsen leigd ut. Men eit anna arbeid var nødvendig, men å bu på garden heime på Ulstein var eit klart mål.
EIGE TRYKKERI
Ordbokarbeidet hadde Ottesen med seg frå studietida i Oslo, og det skulle ferdigstillast. Men hvor skulle det trykkast? Johan Ottesen rekna litt på dette og fann ut det truleg ville det lønne seg å kjøpe sitt eige trykkeri. Ikkje lenge etter stod eit lite offsettrykkeri i tunet og ordbøker vart prenta i fine opplag. Kapasiteten var stor og Ottesen tok imot ulike andre trykkerioppdrag.
Sommaren 1976 fekk Ottesen tilbod om å begynne som redaktør og disponent i lokalavisa "Vikebladet". Avisa, som har eit opplag på 4500 (1996), dekkjer Ulstein svært godt og Hareid ganske godt. Avisa trykte i 1976 framleis i bly, men skulle investere i ny trykkpresse og gå over til offset, og Johan sine kunnskapar kunne komme til nytte. Ottesen brukte sommar og haust til innkjøp av nytt utstyr og dette stod klar til bruk 1.1.1977.
HARSTAD FLYSELSKAP
Då Ottesen fekk tilbod om redaktørjobben var han i gang med innsamling av bilete til bok om Ulstein sin tidlege historie. Stillinga i Vikebladet førte til at bokplanane måtte leggjast på is. Då han tok til i avisa begynte Ottesen i staden å bruke innlånte bilete i avisa. - Etterkvart melde behovet seg for fleire bilete frå lokalsamfunnet og eg begynte å undersøke kjelder hvor eg kunne låne bilete. Eg hadde nokre postkort med påskrift K.Harstad Kunstforlag, flyfoto frå Ulstein, fortel Ottesen. Kunne det finnest fleire?
"Harstad-arkivet" fekk Ottesen "på rot", ma. med originale arkivskap og arkivsystem. Dette arkivet var det første Ottesen overtok.
Ein telefon synte at forlaget var lagt ned og allereie seldt. Men kjøparen var useriøs, og salet vart stoppa. Etter eit års tid kom Ottesen i posisjon som kjøpar og fekk firmaet for 20.000 på vilkår av at lokala vart rydda og tømt. Ei ryddeøkt kalkulert til 45.000 kroner….
Johan Ottesen fekk nokre søvnlause netter på nyåret 1980-81. Med kort frist kunne han få 50.000 flyfoto frå heile landet, ei mengd høveleg og uhøveleg teknisk fotoutstyr, men samtidig ansvar for eit svært ryddearbeid. Ottesen slo til. Mykje utstyr vart gjeve til Teknisk Museum, ein del utstyr vart seld, og resten, arkivskap, positiv, ein del kamerautstyr og sjølvsagt alle negativa tok han med heim. Men berre 16-17 nye Ulstein-bilete kunne han presentere for Vikebladet sine lesarar.
BILETA VART MIN HOBBY
- Du måtte vel ha hatt nokre tankar om seinare bruk av dette?
- Gamle bilete og særleg flyfoto blei som ein hobby, seier han. Nokre legg penger i ein snekke, andre i ein litt for stor bil. Eg rekna med det ville bli ein del etterspørsel etterkvart.
Seinare fekk Ottesen tips om at Norfly hadde arkiv til sals og han fekk i 1983 kjøpe flyfotoa over Ulstein og Hareid, litt seinare resten av Møre og Romsdal, og la likegodt inn bod på resten av arkivet. I dag har Ottesen over 2/3 av det totale arkivet frå Nordfly. Johan Ottesen fekk blod på tann. Det kunne vel vere like greitt å overta alt som hadde med svart/kvitt flyfoto i landet!
TELEMARK FLYSELSKAP - DET STØRSTE ARKIVET
var neste selskap som ble kontakta. Også her var det eit "generasjonsskifte", svart/kvitt var på veg ut, fargefoto inn. Norrøna Fly, eit av dei andre selskap som fotograferte skråfoto, er eit godt døme på dette. Dei kasta all svart/hvitt film då dei gjekk over til farge i 70-åra!
Eigaren i Telemark Flyselskap hadde slutta og trengde kapital til nytt hus. Dermed kom vi fram til ei avtale, fortel Ottesen. Telemark Flyselskap var først A/S. Første flyet vart kjøpt for å kome ut på fiske på Hardangervidda! Bror til eigaren jobba i firmaet som fotograf og tok seinarer over selskapet. Denne historia, samt historia bak dei andre flyfotoselskapa har Ottesen skrive ned.
MEIR OM HARSTAD-ARKIVET
Den "usystematiserte" delen av Harstad-arkivet inneheld negativ frå ulike typer oppdrag som bilete av Kjell Karlsens Orkester, måleren C.Aamodt etc. etc. Den "systematiserte" delen av Harstad-arkivet er flyfotoa og ordna etter det gamle bilnummersystemet, T for Møre, U for Sør-Trøndelag osb. Den geografiske dekninga er noko ujamn. Trondheim er td. dårlig dekt. Det skuldast dei gode kollegiale tilhøva mellom fotograf Schrøder og Harstad, fotografane hadde sine "område".
K.Harstad Kunstforlag kjøpte kring 1936 Sigurd Grans kortforlag. Harstad hadde en tid laga postkorta for Gran. Etter oppkjøp av arkivet stryk Harstad etterkvart vekk "Gran" og setter K.Harstad i staden på bileta. Gran-arkivet er i dag inkorporert i Harstad-arkivet som Ottesen eig.
FORSVARET SENSURERTE
Forsvaret måtte godkjenne alle flyfoto før offentleggjering. I Harstad-arkivet er dei sensurerte bildene mange og ei historisk dokumentasjon aleine. Dei beskjæringer som måtte til verkar meiningslause i dag, men må sjåast i lys den politiske situasjonen i etterkrigstida. Himmelen er tf. svært ofte fjerna for å skjule kompassretningen og diverse bygninger måtte retursjeres vekk. Kompositorisk sett har sensuren øydelagt mangt eit bilete. Med himmelen borte forsvinner dybden. Dette gjeld ikkje minst skråfoto frå de store byene.
Harstad-firmaet hadde stor kapasitet. Det hadde eigen postkortfabrikk og produserte ofte postkortserier for andre.
Ei omorganisering av arkivet øydela delvis det gamle arkivetsystemet ved at negativ ble plukka ut og gjeve nye nummr. Men ikkje noko av arkivet vart eigentleg kasta.
FJELLANGER WIDERØE
Det kanskje mest kjende flyfotoarkivet i Norge er arkivet etter Fjellanger Widerøe. Dette arkivet vart diverre oppstykka og selt til kommunane i slutten av 70-åra. Johan Ottesen kjøpte FW-bileta knytt til Hareid via "Vikebladet". Ulstein-bileta har kommunen sjølv.
For nokre år sidan sende Ottesen tilbod på rimelege gode fotostatkopiar av flyfotoa til dei fleste kommunane i landet. For Ottesen sjølv var det ei tungvind løysing å leite fram bilete kvar gong folk ringte og spurde. Kanskje folk i kommunane sjølv kunne finne ut om bilete var aktuelt? Responsen var ganske bra, mange kjøpte fotostatkopisett, presset på Ottesen har minka og lønsemda har blitt litt betre.
ANDRE ARKIV
Johan Ottesen si interesse for gamle bilete har gjeve han tilgang på nokre lokale fotografarkiv. Fotograf Randolv Ulfstein sitt arkiv er eitt. Her er personbilete, familiebilete, 3-4000 negativ i alt. Det fins protokoll som syner 2337 oppdrag. Arkivet kan også innehalde nokre negativ etter fotograf Hjalmar Øvrebø frå Bergen. Han var svoger til Ulfstein og var truleg den som ga Ulfstein fotoopplæringa. Etter ei tid starta dei konkurrerande fotografverksemd i same hus i Ulsteinvik! Øvrebø reiste seinare frå Ulstein og Randolf Ulfstein vart aleine igjen som fotograf. Sonen til Øvrebø ga arkivet til Ottesen og meiner ein del av platene til faren også finst i arkivet til Ulfstein. Ulfstein-arkivet mottok Johan Ottesen frå familien kring 1993 utan klausul, og det er utferda skriftleg kontrakt.
Gustav Osnes er ein anna lokal fotograf. I dette arkivet finn vi også mest personbilete, eller tradisjonelle portrettopptak, tingingar frå private. Arkivet er på ca 3.000 einingar med opptak frå 1880-åra, - det meste er glasplater i 8x12cm og kvaliteten på dei er varierande. Gustav Osnes overtok fotografverksemda etter en eldre bror Nils (fra 1880-åra). Arkivet låg i kasser utan omslag plate mot plate på eit mørkeloft i huset i Kyrkjegata. Ottesen var der ein varm sommardag 1976 og det var steikande varmt der oppe, fortel Ottesen. Ein heil del av glasplatene måtte skiljast med kniv. Ottesen lånte med nokre plater med landskapsmotiv av sonen Per G. Osnes og fekk kopiert desse. Då huset seinare vart seld overtok først ein annan slektning, Henrik Osnes arkivet.
Andre fotografer som har arbeidd i Ulstein er ein fotograf Brekke. Han lånte atelieret til Osnes. Men det er lite truleg det finst negativ frå hans hand i Osnes-arkivet.
Lokalhistorikar og arkiveigaren framfor bygninga som rommer kontor, utstillingslokal og magasin.
Johan Ottesen dreiv frå 1975 innsamling av bilete fra distriktet for å gi ut eit historisk hefte. Han fekk låne bileta frå Henrik Osnes, bilete han seinare overtok. I ei munnleg avtale fekk Ottesen gjere kva han ville med dei, men "ikkje gjere noko business ut av det".
Nesten alle bileta fra Gustav Osnes sitt arkiv vart kopierte opp og Petra Ottesen, mor til Johan gjekk rundt i bygda og fekk dei identifiserte! Eit svært stort, men viktig arbeid.
ARKIVRESTER FRÅ "VIKEBLADET"
I samband med opprydding i "Vikebladet", der Ottesen tidlegare var redaktør og framleis er aksjonær, har han motteke filmrester og usystematisert materiale som skulle kastast. Ein del av dette er no til gjennomgang og registrering. Det er utvilsamt ein del spennande materiell frå den nyare lokalhistoria her!
EIT STORSLAGENT FOTOARKIV
Johan Ottesen flytta inn i sitt nye kombinerte kontor, utstillings- og arkivbygg i oktober 1995. Han sa samstundes opp stillinga si som redaktør i avsa «Møre»og satsa heilt på eigen verksemd. Forfattarskapet er framleis det viktigaste. Ulike artiklar til aviser, redigering av spesialaviser og bokprosjekt dominerer. Utgiftene til ordning av flyfoto og andre gamle bilete er framleis høgare enn inntektene, men på sikt og med god marknadsføring kan dette snu.
Utfordringane er å finne rasjonelle system for formidling av denne skatten, td. gjennom digitalisering og dataregistrering.
FylkesFOTOarkivet har ikkje registrert nemneverdig organisert fotoregistrering i Ulstein og Hareid. Med Johan Ottesen som sentral i arbeidet med denne kjeldegruppa, kan ting synast som i beste velgåande. Og mange kjem til han når dei treng gamle bilete. Men dette private arkivet kan bli ei sovepute for kommunalt engasjement og systematisk fotoinnsamling i Ulstein og Hareid.
Framover kan eit samarbeid og bruk av regionale retningsliner vere ein veg å gå. FylkesFOTOarkivet kjem gjerne med framlegg til samarbeidsprosjekt seinare, men ønskjer då å diskutere lokalhistorisk vernearbeid i ei breiare samanheng og under føresetnad av at kommunen tar sin del både av det praktiske og finansielle ansvaret.
Ålesund, 19. februar 1997
FylkesFOTOarkivet/Aalesunds Museum
Ragnar H. Albertsen
Fotoarkivar/fotografmeister
Alle bilete: ©Ragnar H. Albertsen