Ukjend familie og gravferd. Frå den siste delen av Storegjerdearkivet. (Nr. 5224).
Dessverre er bildet sterkt skadd i nedkant.
Fotograf Olav S. Storegjerde (1879-1958), frå Sande Sogelag (c) sitt arkiv
"Storegjerde har late etter seg eit heilt livsverk i fotoplater - det er ein kulturskatt som det gjeld å ta vare på, og dra nytte av den til gagn for komande slekter." 

ÓTekst: Erling Indresøvde, 1999 

«Du litt til høgre og du litt til venstre, sjå opp og smil».

Kven hugsar ikkje frå fotografen av den eldre

generasjon når eit bilete skulle takast,

anten det var bryllaup, barnedåp, konfirmasjon eller gravferd.

Det kunne ofte verte ei sein sælebog før ein vart ferdig. 

I desember (1978. anm.) er det 99 år sidan fotograf Olav Andreas Storegjerde vart fødd på Storegjerde i Hallebygda, 1,5 km vestom Larsnes. Foreldra var Knut Storegjerde og Eline Sivertsdotter, fødd Halle. Dei var heile 7 sysken, eldste broren var den kjende byggmeisteren Sivert, som ma. bygde kyrkja i Gursken, Sparebanken på Larsnes og Åram kyrkje, og dessutan ei mengd med bustadhus rundt i distriktet.

 

I den tida var det samla skule i Hallebygda og dessutan turskule. Læraren var den kjende Jakob Bjørlykke som også hadde skulepost i Gurskevågen. I den tida var det ikkje så fritt i skulen som i dag, og etter det som vert fortalt heldt Bjørlykke streng disiplin i skulestova.

 

Etter konfirmasjonen vart det ymse småjobbar mest på garden heime og  småfiske. Den gode Fiskeplassen i Åramsundet låg ikkje langt unna. Frå fødselen av hadde han eit helsemein, det var noko med hjartet, så han var ikkje sterk når det galdt kroppsarbeid. Lik dei andre brørna sine ville han lære eit yrke utanom det vanlege på våre kantar, derfor reiste han til Trondheim. Der tok han til som læregut på Trondhjems Mekaniske - der dei ma. bygde skip. I den tida han var der var han med på bygginga av den kjende rutebåten d.s. «Jotunheim». Det vart fortalt at det var mykje plunder med stabelavlaupet, meddi skroget skar over elva og tørna mot elvebarden.

 

Men Storegjerde vart ikkje så lenge på denne staden, arbeidet var både tungt og slitsamt, og det passa ikkje for eit kunstnarsinn. Han tok derfor til i fotograflære med den kjende fotografen Wellin i Trondheim. Frå denne tida har ei mengd bilete både frå Trøndelagsbygdene og frå Trondheim by - særleg er det mange frå kroninga og andre større tilskipingar. Kappsigling var då som no høgt i kurs, og det er bilete som syner den tids kappsiglingsbåtar. Ein kjend mann frå Sande, Fredrik Baade med to søner kollsiglde seg ved Godøya på veg til kappsigling i Trondheim, og alle bleiv.

 

Olav Storegjerde kom attende til bygda i 1904 etter endt utdanning. Seinare budde han i ei lita stove oppunder utmarksgarden i Storegjerde. Der hadde han eit lite atelier, og ei seng i eit anna rom. Det var ikkje noko feitt levebrød å vere fotograf i den tida, men Storegjerde var heller ikkje kravfull, men smålåten i all si ferd. Når han fekk bod om å kome til bryllaup eller gravferd og andre tilstelningar vart det å take fotoapparatet på ryggen og eit parti glasplater med seg. Tunge var dei, og varsamt måtte dei handsamast. I denne første tida fekk han maten hjå mora så lenge ho vann. Arbeidsrom til framkalling og kopiering hadde han også i sparebanken på Larsnes.

 

Etter det ein har kome fram til hadde han fengje sin kunstnargjevnad frå mora. Andre av same slekta hadde også gjevnader i kunst i ymse leider. Når eit bilete skulle takast var det ikkje på raus. Han la uvanleg mykje arbeid i oppstilling og å få fram det særprega hjå dei som skulle fotograferast. Det same galdt for landskapsbilete, også når det galdt lysverknad var han ein ekspert.

 

Det var eit stort distrikt han for over: Selje, Vanylven, Syvde, Sande, Rovde, Herøy, Ulstein og Hareid. I desse kommunane var han i lange tider fast fotograf for konfirmasjonsbilete. Det var ofte ein uroleg flokk å halde styr på. Det kunne take opp til halve timen før første plata vart knipsa, så det spurdest etter tolmodet. For å kome til og frå kjøpte han skyssbåten etter distriktslækjar Arntsen på Larsnes. Det var etter den tid - 1917 - ein såkalla ræser, med ein 8 hk. bensinmotor. Storegjerde var ingen maskinist, og motoren var ualminneleg lunefull som gamle bensinmotorar kan vere. Derfor enda det ofte med slep eller roing. Det vert fortalt at ein gong skulle han fotografere eit stemne i Ytre Herøy kyrkje. Men motoren var sin vane tru, og då dei endeleg kom til Fosnavåg møtte dei kykrjefolket på heimveg. Ei tid hadde han ein læregut, Nils Stokset, og han var flink med motorar. Då gjekk det som regel bra på reisene.

 

I 1940 reiste Storegjerde til Ulsteinvik og kjøpte der eit gardsbruk på Holseker. Systra Anna styrde no for han så lenge ho levde. Anna lever framleis på Holseker i sitt nittiande år (1978 anm.).

 

I Ulsteinvik gjekk han i kompaniskap med med fotograf Hjertenes så lenge helsa heldt. Han døydde i 1958.

 

Storegjerde hadde ein noko uvanleg hobby. Han reiste på alle auksjonar han kunne kome over. Der kjøpte han mangt, oftast det han ikkje hadde bruk for. Det skal ma. vere mange kister etter han, men mangt for ikkje vel. Den gamle stova hans fekk lekkasje i taket og både innbu, bilete og plater fekk skade.

 

Storegjerde har late etter seg eit heilt livsverk i fotoplater - det er ein kulturskatt som det gjeld å ta vare på, og dra nytte av den til gagn for komande slekter.»  Tekst: Erling Indresøvde.  Avskrift: FylkesFOTOarkivet i M&R 1997 (Storegjerde på nett fra 2005!)