Arkivnr:      FAKf-0012
Arkivnavn:    Ormset-arkivet
Kommune:    Aure
Eigar:              Einar Ormset
Fotograf:        Hans Ormset (1887-1971)
Virketid:         1911-1945
Omfang:         4558 registrerte bilder, i hovedsak glassplater
Omtale:

 Barnebarnet til fotografen og eigar av arkivet, Einar Ormset,  har skrive litt om bestefaren:

Fotograf Hans Ormset blei fødd 3.juli 1887 og døydde 4.januar 1971.Allereie som gutunge synte han stor interesse for fotografering. Han utfalda sine interesser på mørkeloftet på Ormset, gards nr………    i Aure. Seinare gjekk han i lære i Trondheim før han starta opp som fotograf i Aure. Det eldste biletet ein til no veit sikkert han har teke er frå eit 1.maitog i Aure i 1911. Som fotograf reiste han mykje rundt i Valsøyfjord, Halsa, Tustna og Hemne.

Hans Ormset gifte seg i 1913, I ti år budde han i Trevika før han flytte til Aure sentrum i «Lunheim». Der bygde han også fotoatelieret. Ved sida av å ha nokre høner var foto hovudnæringa.

Hans Ormset var plage med svak helse og tok difor sjeldan del i hardt fysisk arbeid. Det var som ungdom han hadde vore uheldig og vrikka foten sin. Han vart aldri heilt bra etter dette uhellet. Mange år seinare fekk han tips av systera Ingeborg om ein doktor i Oslo. Hans reiste dit og doktoren fann ein beinsplint i foten. Hans vart operert og var nesten heilt bra igjen. Men Hans sleit også med dårleg mage å kunne td. ikkje drikke kaffi. Hans Ormset var deleigar i ein revefarm på Aure. Både sølvrev og blårev vart avla fram. Revefarmen, der dei hadde både blårev og sølvrev vart starta på 30-talet, men farmen vart truleg avvikla litt før krigen. Etter krigen dreiv Hans Ormset berre med fotografering.

Under krigen hadde Hans Ormset særs mykje oppdrag som fotograf og leverandør av bilete til dei obligatoriske pass alle nordmenn over 15 år måtte ha. Men passfotograferinga helt fram også etter krigen. Og han var ein dyktig retusjør, en særs viktig del av det gamle handverket.Fotoatelieret mangla skikkeleg oppvarming. Ein primus nær føtene var det einaste han hadde på kalde vinterdagar. Kona, Karin, hjelpte til med mørkeromsarbeidet og retusjering og etterarbeid gjekk føre på kjøkenet. Då måtte ungane vere heilt stille. Det kunne nok by på problem. Men med eit egg kunne dei bestikkes..

Hans Ormset var ein lettliva person. Han kunne vere snarsint, men hadde stor omsorg for dei rundt seg. Han var friluftsmann og arrangerte turar for familien. Hans Ormset pensjonerte seg som 70-åring og vart nesten 84 år gamal før han døydde 4.januar 1971.