Arkivnr: FAKf-0075 Arkivnavn: Gjøsund-arkivet Kommune: Giske (Sunnmøre) Eigar: Privat Fotograf: Erling Gjøsund (1918-1996) Tidsrom: 1940-1980 (ca) Omfang: Ca 800 bilete, mykje 8mm film og video Fra den biografsike omtalen:".... Som fotograf har Gjøsund først og fremst arbeidd i Forsvaret, ikkje minst som flyteknisk fotograf under krigen, 1940 til 1945. .....Erling Gjøsund dreiv ei moderat fotoverksemd på Vigra. Dei invalidiseranda nerveskadene han pådrog seg under krigen hemma nok arbeidet. Han hadde ikkje noko atelier i heime, og for det meste vart filmar sende til postordrefirma for framkalling og kopiering. Ein del oppdrag i bygda var det jamt likevel, så som konfirmasjonsfotografering, portrett og familiebilete. Bileta vart ofte tekne i heime hos folk. Arkivet Det originalmateriale som finst etter Gjøsund er særleg fargenegativ og album knytt til Vigra Skulekorps. I tillegg kjem fleire kasettboksar med lysbilete, særs mange videofilmar og ein del 16mm film. Så langt har ein ikkje funne nemneverdig svart/kvitt materiale. Men ein del av det han har hatt er truleg levert til Forsvaret. Arkivet består i 4-6 mindre metallesker med ordna 120 mm film. Filmane er systematiserte på årstal og opplysningar er skrivne utanpå konvoluttane. I hovudsak er det materiale frå tidleg på 60-talet og fram mot 1980. Fargekopiane er oppbevarte i plastlommer i album og tekst er skrive til einskilde. Sjå Omtale (frå 1997)