Akkurat no, før jul, bakar Åsta lefser.
Fotoregistreinga var ho ferdig med for eitt og eitt halvt år sidan.
No vert det "klippa og limt" opplysninger frå tekstfil til nettbasen.
Dei første bilda finn du på søk lokalt nr. FAKf-0562 i nettbasen
 
Åsta Mårstøl har gjort eit storarbeid og registrert over 600 bilde etter sin onkel, Einar E. Aamelfot i Dalsfjorden i Volda. Han var ein ivrig amatørfotograf og har teke dei fleste bilds i "Aamelfotoarkivet". Bilds som FylkesFOTOarkivet digitaliserte fra 6x9 cm negativ i 2002, er frå perioden  ca.1930 til 1950. Opplysningene legges på nett i desember 2006.
 
Les om Åmelfotarkivet
Etter to år med innsamling av opplysninger om bilda, avslutta Åsta Mårstøl våren 2005 prosjektet med å registrere bilda etter sin onkel Einar E. Åmelfot. Arkivet har fått lokalt nr FAKf-0562. I sluttskrivet til FylkesFOTOarkivet skreiv Åsta 4. april 2005:
 
Det har vert mykje detektivarbeid. Har prøvd i størst mulig grad å finne navna på personene, men har også prøvd å finne ut kvar bilde er teke og i kva anledning det har vert teke. Eg kjem til å prøve å få fleire opplysninger dersom eg får besøk av personer som kan hjelpe meg. Det har vert ei god hjelp siden eg fekk datamaskin og kunne vise bilda på den.
 
Solaug Brandal har vert her fleire ganger å sett på bilda og gitt meg mange navn. Ellers har Harald H. Eidset, Rasmus Vassbakke, Olaug Steinsvik, Asbjørg Djursholt, Jorunn Osnes, Lars O. Steinsvik, Arna Standal, Oddlaug Amelfot, Ingebjørg Furnes og ei dame frå Sylte i Vanylven hjelpt meg med opplysninger. Ein del andre har også bidratt med ein del mindre opplysninger. Ein del etternavn, som Amelfot har vert litt vansker med, for eg har ikkje fått heilt klarhet i om den enkelte skriv med to AA eller Å. Har gjort mitt beste. Dei eg har brukt Aamelfotdal på bruker i dag berre Dal.
 
Har ikkje heilt oversikta kva tid enkelte har gifta seg og derfor skifta etternavn. Har derfor brukt to etternavn der eg har hugsa på det. Dei navna som står spørsmålstegn bak har eg ikkje fått bekrefta om dei er rette. Etter kvart som eg har arbeida med bilda har det kom fram at ikkje alle bilda er Einar sine. Det er trulig berre dei største filmene som er Einar sine. Dei aller minste tilhører Asbjørg Djursholt så var der vist nokre i mellomstørrelse, det er truleg filmar Einar har lånt av andre, eller han kan ha lånt fotoapparat med nokon som hadde denne type apparat.
 
I permen har eg brukt blyant for lettare å kunne rette på opplysninger som eg har fått bekrefta har vore feil, men har lagt ved eit eksemplar som er maskinskreve, så det er lettare å kontrollere dersom de ikkje forstår kva eg har skreve. Håper de er fornøgd med arbeidet eg har gjort. Er det noko de lurer på er det berre å ta kontakt.
 
Helsing Asta Mårstøl Åmelfot
6120 FOLKESTAD