Arkivnr: FAKf-0562
Arkivnavn: Aamelfot-arkivet
Kommune: Volda (Sunnmøre)
Eier:
Åsta Mårstøl
Fotograf: Einar E.
Aamelfot
Tidsrom:
1930-1950 (ca.)
Omfang: 621
bilder, i hovedsak
nitratnegativ 6x9 cm
Omtale:
Aamelfot-arkivet inneholder
ca. 600 negativer etter amatørfotografen Einar E. Aamelfot
fra Dalsfjorden i Volda. Bildene har svært varierende teknisk kvalitet, men
registreringa er desto bedre.Bildene ble
digitalisert av FylkesFOTOarkivet i 2002.
Eier
Åsta Mårstøl er niese til fotografen. I april 2005 ble hun ferdig med registreringsarbeidet. FylkesFOTOarkivet
har OCR-skannet teksten og ekstrahjelp overfører i des. 2006 opplysningene til databasen på nett.
Etter to år med innsamling av opplysninger om
bilda, avslutta Åsta Mårstøl våren 2005 prosjektet med å registrere bildene
etter sin onkel Einar E. Åmelfot. Bildene finner du bl.a. ved å søke på "Åmelfoten"
i "Distriktsfeltet".
I
sluttskrivet
til FylkesFOTOarkivet skreiv Åsta litt om Einar:
Einar
E. Aamelfot var født 9. juni 1917 i Massagarden i Åmelfot, som den yngste
i ein søsken flokk på sju. Einar var ikkje gift. I 1937 var han i tjeneste
på garden Langlo på Stranda. Han var og ei tid på Berdal i Valldal. Her
lærte han å dyrke jorbær. Vinteren 1945-1946 var Einar i Holmsbu, der
systra Hanna budde. Amt, mannen til Hanna dreiv og bygde hus, Einar var
med å hjelpe han.
Einar E.
Aamelfot står framom sela på Tryften. 1945(?) Sjølportrett??
Sommaren 1946 døde far til Einar, etter det budde han heime i Massagarden.
Han hjelpte til mykje heime på garden, men var og rundt på andre garder i
bygda for å hjelpe til i slåtten og lignende. Han var og med på veg arbeid
og rydding av skog Wlder kraftlinjer. Han var og med å sette opp
kraftlinjer. I Massagarden dyrka han jordbær som han seIde. Han kjøpte seg
høner og seIde egg, på denne måten tente han seg nokre kroner.
Frisør
Einar
var bygdas frisør. Det var ikkje få mannfolk som var i kjelleren til Einar
og fekk ny frisyre, barn og damer var der og. Hadde dei ikkje tid å kome
til han, gjekk Einar heim til dei. Då Amela-utbygginga tok til midt på
1970 (krafubygging, Tussa) var han med der. Han var som ein alt-mulig-mann.
Einar var flink med hendene sine, gjorde fint arbeid, men han var ikkje av
den raskeste typen.
Einar
var ein ivrig fotograf. Broren Jon var ute til sjøs, der kjøpte han seg
foto apparat, dette nytta Einar seg mykje av. Seinare kjøpte han sitt
eige. Einar hadde tilsyn med forsamlingshuset Høgtun. Han var som ein
vaktmester å rekne. Han styrte boksamlinga i mange år. Einar var ein
sosial person. Han møtte opp der noko skjedde og deltok med dei resursene
han hadde. Kom her nye personer til bygda var han frampå for å høyre kvar
dei kom ifrå og kva foreldra heite.
Det
som vart fortalt til Einar kunne ein vere sikker på ikkje kom vidare.
Siste tida Einar levde budde han i Jogarden. Helsa var ikkje som før, det
var noko i brøstet. sa han. 23.11.1988 døde han på Volda sjukehus, 71 år
gamal.
MårstøI, 28.04.2005.
Asta
Mårstøl