Arkivnr:      FAKf-0672
Arkivnavn:    Nerland-arkivet
Kommune:    Sula (Sunnmøre)
Eigar:              Olav Nerland
Fotograf:        Olav Nerland (1913-2008)
Tidsrom:        1938-1965
Omfang:         7-8000 negativ 6x9 cm, mye nitratfilm
 
Omtale:
Prioritert fotoarkiv i forbindelse med Sulasoga. Les biografi og div. under "Akkurat nå" 2004
 
Arbeidet med digitalisering og registrering av Nerland-arkivet ble påbegynt i april 2004 og foreløpig avsluttet i des. 2005. Rent praktisk foregikk digitalisering gjennom mange dagsbesøk hjemme hos Nerland på Eidsnes. Allmenne motiver, som særlig kunne være relevante for bruk i "Sulasoga", ble prioritert. De fleste av gruppebildene og klassebildene ble i første omgang utelatt. Ingen negativ ble eller er tatt med til FylkesFOTOarkivet. Siden Nerland sine protokoller dessverre er bortkommet er hovedvekten av registreringene gjort vha. lydopptak sammen edny og Olav Nerland. (Eks.)
 
Nerlands spesiale, med fotografering av klassebilder fra Rauma og Vestnes og ned til Nordfjord, har i ettertid fått noe mer fokus. det ligger et stort potensiale i å få en webløsning for nettbasert identifisering av disse klassebildene. Arbeidet med arkivet er dessverre ikke ikke fulgt opp ut over det som var relevant for arbeidet med Sulasoga. Dette pga. ressursmangel.
 
 
Pressemelding til Sulaposten 21.10.2004 :
 

Pressemelding

Volda, 16.10.2004

 

Bildekveld for Sula-soga på Nausthaugen 25. oktober

Arbeidet med første band av Sula-soga, som skal handle om busetnaden i området Kvasnes – Bjørkavåg, nærmar seg som kjent fullføring. Bandet skal vere i handelen i god tid (minst eit par veker) før jul, og vi er sikre på at det blir eit praktverk. Men det er travelt; vi har fått ein god del supplerande informasjon etter utsendinga av manuskriptet til husstandane for nokre veker sidan, og vi er enno ikkje heilt ferdige med illustrasjonane til boka.

Men takka vere Edny og Olav Nerland har vi fått tilgang eit unikt bildemateriale særleg til dette første bandet. Olav Nerland dreiv m.a. som fotograf på Sula og rundt om i distriktet frå 1938 til ut i 1960-åra, og har teke vare på 7–8.000 bilde frå alle desse åra. Mellom desse er fleire hundre bilde av skuleklassar frå 1950-åra frå regionen indre Romsdal – Nordfjord. Desse ruvar som ei heilt spesiell kjelde i Nerland-arkivet.

Ut frå denne samlinga har FylkesFOTOarkivet fått velje om lag 2.500 bilde som no er digitalisert og klargjort slik at vi kan plukke ut dei ca 2–300 som skal nyttast i band 1. Dette arbeidet er rimeleg klart, men det står att å få noko meir informasjon om ein del av desse bilda. Edny og Olav hugsar godt og har lagt ned eit stort arbeid i å identifisere stader og personar på bilda, men det er likevel noko som står att.

For å avhjelpe det og få på plass så mykje informasjon om dei aktuelle bilda som muleg, inviterer vi med dette interesserte til open fotokveld på Nausthaugen måndag 25. oktober (sjå annonse annan stad i avisa). Her vil vi syne fram på storskjerm ein del av dei bilda vi veit vi vil bruke (m.a. nokre skule- og større gruppebilde) og få stadfest informasjonen om dei. Vi vil òg syne fram nokre bilde vi er usikre på om vi vil bruke.

Vel møtt!

Arnfinn Kjelland

prosjektleiar

 

Bildetekst:

Protokollane til Nerlandarkivet fram til mai 1954 er dessverre borte. Derfor er det særs viktig å få gått igjennom bilda i lag med «primærkjelda», fotografen. Her er Edny og Olav Nerland på Eidsnes fotografert 11. mai 2004. Dei fortel om bilda inn på band, som FylkesFOTOarkivet etterpå har skrive av og lagt inn i ein database. Foto: Ragnar H. Albertsen.

Annonsetekst, 2 spaltar:

Bildekveld på Nausthaugen

I samband med Sula-sogearbeidet og utgjevinga av band 1 blir det open bildekveld med framsyning på storskjerm av bilde som skal brukast:

på Nausthaugen måndag 25. oktober kl 19.00

Alle interesserte er velkomne. Enkel servering.

 

(FAK-RAL, sist oppdatert: mai 2009)