Status for fotobevaringsarbeidet

 Sande kommune

Storegjerde-arkivet

 

Rapport frå kommunebesøk 03.07.1997

 

Konfirmasjonsgruppe frå Syvde. Fotograf Olaf K. Storegjerde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

STATUSRAPPORT  ETTER MØTE MED

Sande Sogelag v/ Olav Myklebust og Kjell Ove Vasstrand, samt møte med representantar sogelaga i kommunen.

SANDE KOMMUNE 03.07.1997

 

 

 

 

 

 

SANDE KOMMUNE:

Folketal pr. 1.1.96:      3.389,  1.217 husstandar

Målform:                      Nynorsk

Lokalavis:                    Vestlandsnytt

Næringslivet:    Før:      Jordbruk og fiske      

No:      Fiske, fiskeindustri, havbruk og verkstadindustri

Kulturetaten:                1,4 stillingar.

                                   Kulturkonsulent Helge Kjerstad

Folkebibliotek

Tidl. kommunar:           Sande og Rovde

Skulekrinsar                 6: Gjerdsvika, Vågen, Larsnes, Åram, Kvamsøy og Sandsøy

Kyrkjesokn:                 4: Sande, Gursken, Åram (og Larsnes kapell under Gursken sokn)

Bilete i arkivet: Sande Sogelag: Storegjerde-arkivet 6-8.000 bilete

Arkiv/klima:                 Ordna materiale i kvelv i «gamlebanken», uordna i kjellar i «Sandetun»

 

SAMANDRAG

I omlag 15 år har Sande Sogelag arbeidd med kopiering og identifisering av bilete i arkivet etter fotograf Olaf Knutsen Storegjerde. Arkivet er på omlag 8.000 einingar. Det meste på fotografiske glasplater, men ein heil del også på sjølvøydeleggjande nitratfilm. Omlag 4.500 bilete er kopiert opp, montert på papp og delvis identifiserte. Arkivet inneheld mykje fotoutstyr, men dei fleste fotoapparata manglar linse.

 

Folket i Sande valde Storegjerde-arkivet som kulturminne til kulturminnestafetten 1997. I samband med dette har Staten løyvd 4.500 kroner, fylket 3.500 og kommunen 7.000.

 

Sande kommune har ikkje hatt fotobevaringsarbeid eller lokalhistorisk arbeid som formelt satsningsområde. Men kommunen har til vanleg løyvd kr 1.000 til Sande Sogelag for arbeid med Storegjerde-arkivet. Utover arbeid med Storegjerde-arkivet er det ikkje drive systematisk fotoregistrering i Sande. Kommunen har ikkje utarbeidd kulturplan og har ikkje oppbevart lokalhistorisk materiale i kommunearkivet. SEFRAK-registreringa (i hovudsak bygningar bygd før 1900) er utarbeidd tidleg i 1990-åra.

 

PRIMÆRBEHOV FRAMOVER:

Plan og oversyn for det vidare arbeidet. Kopiering og identifisering av bilete og dataføring av opplysningar. Gjennomgå, registrere og ordna fotoutstyr, gjenstander og materiell knytt til fotografverksemda. Kva praktisk som skal utførast, kven som skal gjere det og arbeide for å skaffe permanente magasin til arkivet.

 

SANDE-DATA REGISTRERT VED NMU - FOTOSEKRETARIATET

Samlingar:                    Sande Sogelag                        9.000 bilete, frå 1905 til 1973

Lokale fotografar:        Storegjerde, Olaf Knutsen, Virketid: ca. 1904-1955 Fødd: 1879-d.1958

Sande Foto og Papir A/S (driver)

Andre samlingar/arkiv:

Bendik Sande-samlinga på Sandsøya v/Sandsøy/Voksa  sogelag. Tal bilete ukjend. Før 1940

Widerøe: 417sv/kv og  638 fargebilete kjøpt inn 24.03.81 av Folkebiblioteket i Sande

Knut Steinnes-samlinga på Larsnes, biletet frå etter krigen.

Elias Ekroll-samlinga, på Larsnes, nyare bilete

 

RAPPORT

 

Sande kommune ligg ut mot havet lengst sør på Sunnmøre. Kommunen omfattar søre del av Gurskøy, ein del på fastlandet og dei mindre øyane Kvamsøy, Sandsøy og Voksa, som har ferjesamband til kommunesenteret Larsnes og fastlandet. Larsnes ligg 68 km frå Ålesund.

 

FylkesFOTOarkivet vitja Sande kommune 3.juli 1997 etter invitasjon frå Sande Sogelag, som er formell eigar av det store Storegjerde-arkivet. Leiar i interimstyret, Olav Myklebust og kasserar Kjell Ove Vasstrand, viste rundt i lokala der arkiv og gjenstander vert oppbevarte. Seinare var det møte med fleire representantar for sogelaga i kommunen:

 

Frå møte 3.juli 1997. Fv.: Inge Kløvning (tidl. leiar i Sogelaget), Endre Vorren (frå avisa «Vestlandsnytt»), Aslak Storegjerde (interimstyret) Kjellfrid Storegjerde Sandvik (arbeidsgruppa), Olav Myklebust (leiar i Sande Sogelaget, leiar i interimstyret),

Kjell Ove Vasstrand (kasserar i Sande Sogelag), Arne Werkland (arbeidsgruppa, ansvar for kopiering av bilete). Einar Ekroll vart ikkje med på biletet.

 

 SOGELAG

Sande Sogelag vart etablert i 1979. I dag er det under omorganisering og skal i tillegg til eigen drift fungere som felles organisasjon for dei seks sogelaga i kommunen. Olav Myklebust er leiar i interimstyret (1997). Myklebust har nyleg revidert bygdeboka som i 1970-åra vart forfatta av Bjarne Rabben.

 

MAGASIN

Dei nummererte og kopierte glasplatene etter fotograf Olaf K. Storegjerde, omlag 4.500 stk, ligg ompakka i syrefrie konvoluttar og oppbevarte i spesialbygde trekasser i kvelvet i gamlebanken, «Sande og Rovde Sparebank», på Larsnes. Huset har si eiga historie og er trekt fram som mogleg magasin og kulturelt aktivitetshus. Stikkprøver syner at platene er overraskande reine. Kassene med platene er i hovudsak plasserte på golvet. I hyller i  kvelvet ligg ulikt sensitivt offentleg materiale, ma. dokument frå legekontoret. Sogelaget har også «Vestlandsnytt-samlinga» oppbevart her, eit komplett sett aviser frå starten i 1935 og fram til i dag.

 

Frå arkivet til Sande Sogelag - kvelvet på gamlebanken på Larsnes.

 

Hygrometer er plassert i kvelvet og målingar for luftfukt er gjort sidan 1988. Hygrometeret må  kalibrerast. Det viste urovekkjande høge verdiar, mendan FylkesFOTOarkivet sine målingar synte 54% Rh (luftfukt) og 22C. Dette er høge verdiar, men ikkje truande på kort sikt.

 

Nøklar til kvelvet må ein rekvirere frå kommunen for kvart besøk. I praksis er det berre kasserer i Sande Sogelag, Kjell Ove Vasstrand som har tilgjenge til kvelvet og han har ansvar for uttaking og innsetjing av glasplater. Vasstrand har og ansvar for oppbevaring og utlån av ferdige kopiar frå arkivet.

 

Magasinproblematikken er sentral i det vidare arbeidet. Ein kommunal tilrettelegging av eit lokalhistorisk magasin for sikring og oppbevaring av ulikt kjeldemateriale bør vere ei sentral oppgave i Sande.

 

 

Den gamle sparebanken på Larsnes var den første banken på bygdene på Sunnmøre. Banken flytta inn i nye lokal i 1977. Huset har og blir brukt til ulik aktivitet. Her har vore arbeidssenter, samt at teknisk etat har disponert lokala. I dag har den lokale motorsykkelklubben lokal i huset, og pga. av ombygningar i kommunehuset fungerer kjøkenet i huset som mellombels kantine. Sjølve huset treng oppussing, veggane er kledde med eternitt og vindauga er mellom det som må skiftast. Det er ikkje teke avgjerd for framtidig bruk av huset.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

SANDETUN

Glasplater og negativ som ikkje er kopierte er lagra i kjellaren på «Sandetun», sjuke og aldersheimen på Larsnes. Her er også lagra fleire kassar med ulikt innhald, ein del kopiar, foto og mørkeromsutstyr, interiør frå mørkerommet og ubrukt fotomateriale. Av utstyret nemnast fotoapparat, kassettar til glasplater og negativ, mørkeromslampe, delar av kopieringsapparat, monteringspresse mm. En del ligg i koffertar som Storegjerde mest truleg har brukt til utstyret sitt. Alt utstyret treng puss og reingjering og helst litt restaurering.

 

Det meste av det som er plassert i kjellaren på Sandetun kom inn i 1989 frå dødsbuet etter fotograf Storegjerde sin syster i Ulstein, Anna Tømmerdal, der Storegjerde budde i perioden 1940 til 1958.

 

Sogelaget har fått signal om at materialet må ut av lagerrommet. Rommet skal omdisponerast til annan bruk for Sandetun.

 

Frå kjellerlokala på Sandetun, der mykje av det uordna Storegjerde-materialet ligg.

 

 

KOPIANE

Fotografisk framstilte kopiar frå arkivet er monterte på papp tilrettelagde for påskriving av opplysningar. Til vanleg er det montert eit bilete på kva papp, men frå mindre glasplater er fleire bilete montert på same pappen. Medlemar i sogelag har gjennom fleire år reist rundt i bygdene for å skaffe opplysningar til bileta. Ein del bilete er lånt ut med same føremål. Av praktiske omsyn ligg konfirmasjonsgruppene frå seks kommunar på Sunnmøre samla og sortert for seg.

 

Omlag 4000 bilete er monterte på kartong. Her vert opplysningar til bileta skrivne.

 Dei monterte bileta er opphavleg ordna etter nummer, men systemet er sårbart fordi bileta lett kan bli plassert på feil plass etter bruk. Det er ikkje laga lister med stikkord med referansenr. til dei ulike motiva, og opplysningane som er påskrive korta er ikkje dataførde eller kopierte for sikring.

 

SANDE SOGELAG

Sande Sogelag har kopiert omlag 4.500 av negativa etter Storegjerde. Utgifter knytt til arbeidet inngår som del i rekneskapen for Sande Sogelag. Ut frå tal handsama bilete er det truleg nytta omlag 40.000 kr til materiell i kopieringsarbeidet. Det finst lite protokollar etter Storegjerde, men mange av personbileta har pålimt lapp med namn på tingar.

 

Etter ei tid med mindre aktivitet er Sande Sogelag no «revitalisert» og skal fungere som ei overbygning for alle sogelaga i kommunen og ma. ha eit felles tidsskrift. I dag er det seks lokale sogelag  i krinsane Kvamsøy, Sandsø/Voksa, Åram, Larsnes, Gursken kulturlag (Vågen og Haugsbygda) og Gjersvika som er under etablering. Tilhøva for samarbeid er gode. Eit interimstyre med to arbeidsgrupper er skipa og Storegjerde-arkivet er ein viktig felles interesse.

 

KOMMUNEN

Sande kommune er både stolt og særs medviten til den store skatten Storegjerde-arkivet representerer og det er ein god dialog mellom sogelaget og kommunen. Framdrifta for å få ein permanent ordning med oppbevaring av arkivet har imidlertid vore for liten. Glasplater, anna arkivalia og utstyr står på tre ulike stader og tilgjenge til arkivet krev betjening.

 

Arbeidet med Storegjerde-arkivet har stått stille ein stund sjølv om kopieringa har gått jamt framover. Men det synes klart at kommunen bør inn med tilskot for å sikre framdrift i arbeidet. Med den investering som sogelaget har gjort i form av dugnadsinnsats i 15 år vil ei sterkare kommunal deltaking ver ein viktig stimulans.

 

IKKJE BERRE SANDE KOMMUNE

Kjeldematerialet fotograf Olaf Storegjerde har etterlate seg er viktig kulturhistorie for fleire kommunar på søre Sunnmøre og arbeid med arkivet er slik sett ei «interkommunal» sak. Storegjerde fotograferte i ulike kommunar, Sande, Vanylven, Herøy, Ulstein, Hareid, Selje/Vågsøy  og busette seg i 1940 i Ulstein. I arbeidet med arkivet er finansiell deltaking frå andre kommunar vurdert. FylkesFOTOarkivet trur det kan vere vanskeleg å få løyst ut eksterne midlar så lenge ein ikkje kan konkretisere tal aktuelle bilete knytt til andre kommunar og har lage vilkår for bruk. Ei mogleg løysing er å ta ekstra betaling i samband med formidling av materialet og tilby kopisett av materialet. Eit samarbeid om identifisering er uansett særs aktuelt.

 

FAKf-0009.00377. Førebels ikkje identifisert Storegjerde-bilete

 

 

OLAF ANDREAS  KNUTSEN STOREGJERDE

Fødd i Sande 5.desember 1879 - død i Ulstein 20.mai 1958

Fotografisk periode: Larsnes i Sande 1904-1940, i Ulstein 1940-1955

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FRÅ KJELDE: SEKRETARIATET FOR FOTOREGISTRERING

(No NMU - Fotosekretariatet)

 

«Født på Storegjerde i Hallebygda ved Larsnes. Sønn av Knut Storegjerde og Eline Sivertsdotter f. Halle. I ungdommen dro han til Trondheim og ble læregutt på Trondhjems mekaniske verksted. Sluttet etter en stund og begynte i lære hos fotograf Georg Wellin. Etter utstått læretid startet han egen forretning på Larsnes i 1904. Han reiste også mye omkring og fotograferte på ytre Sunnmøre, helt nord til Hareid, men han reiste også mye i bygdene i Nordfjord. I 1940 flyttet han til Ulsteinvik (samarbeidet med fotograf Hjertnes). Var også en del i Ålesund. Han har etterlatt seg et stort arkiv med mange verdifulle bilder. Sverre Brudevoll, Syvde, har tatt vare på en del av hans eldre plater. Sande Sogelag eier nå platesamlingen.»

 

EIGEDOMSTILHØVA

I samband med rydding i eit stabbur på «Stauregjerdet» i 1980 fekk Sande Sogelag ca. 3.000 bilete og i gåve frå  Bergljot Storegjerde og dei andre etterkommarane etter fotograf Olaf Storegjerde . Meir arkivmateriell kom til i 1989 frå dødsbuet etter fotograf Storegjerde sin syster i Ulstein, Anna Tømmerdal, der Storegjerde budde og arbeidde i perioden 1940 til 1958. Årsakea var at Bergljot Storegjerde, som var niese til fotografen arva alt etter Anna Tømmerdal.

 

Ein del glasplater, i alt 279 stk. knytt til Vanylven, er i dag i eige hos dei lokale sogelaga, først og fremst i Syvde Sogelag. Desse platene fekk sogelaget i gåve frå Bergljot Storegjerde ei tid før Sande Sogelag fekk tilgang på resten av samlinga.

 

STOR INTERESSE

Olaf Storegjerde var fotograf i omlag 50 år og teke viktige bilete frå fyrste halvdel av dette århundre og arkivet[1] er ein kulturskatt for heile ytre-søre Sunnmøre. Frå første dag arkivet kom i sogelaget sine hende er arbeidet møtt med ein veldig interesse noko fleire avisartiklar vitnar om. Storegjerde-arkivet samlar heile kommunen og ein vonar den ekstra fokus ein no har på dette kulturminnet kan løyse ut fleire midlar.

 

Arbeidet med Storegjerde-arkivet er så langt finansiert gjennom kulturmidlar, støtte frå fylket, sal av tidsskriftet «Segn og soge» og sal av fotografiske kopiar. Utgiftene er ført i rekneskapen for Sande Sogelag, men det er ikkje ført særskilt regneskap for Storegjerde-arkivet. Inge Kløvning var den fyrste som kopierte biletet frå arkivet. Etter det var Einar Ekroll først, og  seinare Peder Sandanger som stod føre kopiering av dei første ca 3.500 kopiar frå glasplatene. Arne Werkland har dei to siste åra, og på fritida, kopiert ca 1.000 bilder. Han held fram med arbeidet. Kjell Ove Vasstrand har vore hovudansvarleg for montering av bileta.

 

DYKTIG HANDVERKAR

Storegjerde-arkivet er rikt på historie, det er eit av dei få, og mest truleg det største  eldre fotografarkiv i regionen og handverket fotografen utførte er fagleg sett særs godt. Ein spesialitet i retusjarbeidet viser bruk av blåfilolett fargestoff (kaliumpermanganat) «malt» på ansikt på glasplatenegativa. Dette er truleg gjort for å bløtgjere eller «softe» bileta. Men teknikken kravde retusjering på kopiane etterpå. I dei 25-30 åra frå Storegjerde døydde til Sande Sogelag fekk hand om arkivet, har nok delar av materialet tatt skade og kan hende i periodar lege opent for vær og vind. Med arbeid i kommunane Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid og deler av Nordfjord gjennom 40-50 år er det ikkje utenkjeleg at arkivet har vore større enn de ca. 6-7.000 glasplatene ein har berga. Noko materiale er sikkert vekke.

 

Allereie i 1991 kom Sande Sogelag med framlegg om oppretting av eit fylkesfotoarkiv i Sande med basis i Storegjerde-arkivet. Initiativet vart møtt positivt av rådmannen i kommunen. FylkesFOTOarkivet vart plassert i Ålesund, men tilhøva for samarbeid og oppbygging av et lokalt fotoarkiv i Sande er ikkje mindre viktig av den grunn. Tvert i mot. Gode grunnar talar for lokal satsing i vern av Storegjerde-arkivet!

 

 

Kjell Ove Vasstrand og Olav Myklebust i Sande Sogelag.

Her med glasplater frå Storegjerde-arkivet.

 

Så langt ein kjenner til er Storegjerde-arkivet er det einaste fotografarkivet i Sande frå byrjinga av dette århundre og fram til midten på 50-talet. Fotograf Knut Steinnes er den einaste vi kjenner, som i tillegg til Storegjerde har jobba profesjonellt med fotografering i Sande. Han starta opp under krigen og hadde atelier heime i kjellaren på Indre-Søvde. Steinnes døydde i 1974. Ingen driv foto som einaste næring i kommunen i dag.

   

 

Framlegg frå FylkesFOTOarkivet

 

Det største og viktigaste arbeid med Storegjerde-arkivet er knytt til identifisering av bileta.

Dette krev framvising av bilete til godt vaksne interesserte menneske. Det finst gode, men ikkje spesielt rimelege måtar å løyse dei tekniske oppgåvene på. Lysbilete produserte frå glasplatene kan vere ei alternativ løysing i høve tradisjonell fotografisk kontaktkopiering.

FylkesFOTOarkivet kan tilby assistanse i dette arbeidet

 

Ei dataregistreing av opplysningar er viktig for etablere ei effektig formidling. Har ein utstyr og arbeidskraft tilgjengeleg, bør ein invenstere i dataprogram utvikla for bruk til fotoregistrering i musea. Men ein førebels «grovregistrering» på emne, kan vere ei mellombels løysing.

 

FylkesFOTOarkivet si haldning er at det vere galt å plukke ut eniskildbilete frå arkivet og berre handsame desse. Vanlege portrett kan bli gode kjelder om opplysningar ut over dei reint formelle data vert registrerte. Ein bør halde fram med handsaming av heile det resterande materialet under føresetnad av at ein har eit klart mål i å få bileta identifiserte.

 

Arkivet bør ordnast før «dør-til-dør» liknande aksjonar for innsamling og registrering av bilete vert vurdert igangsett i Sande. Ein bør unngå å «gå over bekken etter vatn»: I Storegjerde-arkivet vil ein finne originalnegativ til særs mange av dei kopiane ein finn på bygda. Men det er og klart at det finst mykje anna fotomateriale rundt i bygdene ein kan knyte viktig og spanande lokalhistorie til. Arbeid med Storegjerde-arkiv hindrar ikkje igangsetting av andre registreringsoppgåver.

 

Storegjerde-arkivet har stor lokalhistorisk verdi. Det inneheld truleg ca. 80% personbilete som har liten kommersielle verdi utover kopiering av bilete til slekta til dei avbilda personane. Ein skal ikkje overdrive vinst på sal av bilete, sjølv etter at arkivet er velordna og lett tilgjengeleg.

 

ORDNING AV UTSTYR

Ei gjennomgang av det øvrige utstyr og arkivalia i Storegjerde-arkivet kan ein gjera som separat prosjekt. Ein må ha tilgang til rimeleg store lokal og kunne disponere desse i 1-2 månader. Å nytte eit klasserom eller to i skuleferien 1998 kan vere ei løysing. Her kan td. kommunen engasjere eit par skuleelevar til sommarjobb! Oppgåvene vil bestå i reingjering, sortering og merking av materialet, føring av datalister og nedpakking i høveleg emballasje. FylkesFOTOarkivet kan bistå i oppstart og fagleg rettleiing i dette arbeidet og vere med på å dokumentere korleis utstyret til Storegjerde er brukt.

 

TEKNISKE LØYSINGAR FOR KOPIERING

Sande Sogelag har godt etablerte rutiner for kopiering av glasplater og negativ. Dette  kan fortsette etter same mønster. Men FylkesFOTOarkivet rår til omlegging av rutinane fordi ein både treng finne meir effektive måtar å identifisere materialet på, men like mykje for å legge til rette for bruk av digitale teknikkar i formidlinga.

 

Sogelaget har sjølv planar om å få bileta digitaliserte. Ved val av skanningsteknikk må ein først ta stilling til om kvaliteten på bileta berre skal vere god nok til skjermvisning og enkle laserkopiar, eller om kvaliteten bør vere høg nok til produksjon av kopiar til innramming, «veggbruk» og trykk inntil A4.

 

Følgjande punkt beskriver ein prosess der kvaliteten på skanninga blir god nok til omlag 80% av behov knytt til formidling:

 

·      Negativa vert kopierte over til svart/kvitt lysbilde. Ein arbeider fyrst med glasplatene, deretter nitratfilmen.

·      Lysbileta vert skanna til foto-CD

·      Enkle laserkopiar med felt for påskrift av opplysningar vert produserte frå foto-CD.

·      Kopiane bør ein leggje i «plast og perm».

·      Identifisering av bileta gjennom lysbilete-kveldar og bruk av laserkopiar.

·      Innkomne opplysningar vert lagde i database.

·      Katalogar frå databasen vert produsert.

·      Kopling av digitalt bilete og opplysningar på PC, kan ein seinare formidle over internett.

           

FylkesFOTOarkivet rår til at mest mogleg av arbeid vert utført lokalt. Det hastar med framdrift i arbeidet først og fremst fordi informasjon til bileta stadig vert vanskelegare å skaffe. Ein må finne fram til samarbeidsmodellar med nabokommunane slik at ikkje Vikebladet i Ulsteinvik får rett i påstanden «Kulturskatt tapt for Ulstein», som var tittel i avisa 21.november 1989….

 

Vi har litt betre tid i høve de kjemiske prosessane som bryt ned materialet. Særleg nitratfilmen er utsett og ei duplisering av desse er rimeleg å vurdere etter at arkivet er ferdig ordna.

 

FylkesFOTOarkivet vil betale prøveprosjekt med handsaming av 100 negativ og skanning av desse og samstundes gi opplæring for vidare lokal produksjon av lysbilete. FylkesFOTOarkivet kan om ønskjeleg ta arbeid med handsaming av glasplater og digitalisering etter dette mønster til kr 30.- pr bilete. (Jfr. arbeid utført for Syvde Sogelag.)

 

Merk at FylkesFOTOarkivet nettopp har gjennomført eit prosjekt med skanning av 800 glasplater og negativ for Rindal kommune. FylkesFOTOarkivet leigde då inn ekstern hjelp hos firma ScanWare A/S som skanna direkte frå glasplatene. Dette gir betre resultat enn skanning frå lysbileta. Arbeidet vart utflørt lokalt i Rindal.

 

AVTALER

Storegjerde-arkivet er eit privat arkiv i kraft av at Sande Sogelag er ein frivillig organisasjon. Eit større kommunalt engasjement må sikre kommunen rett til bruk av arkivet, td. i bruk i utsmykking og marknadsføring og til rimelege priser.

 

SAL AV STØTTESERTIFIKAT

FylkesFOTOarkivet har lagt ved eit sertifikat som vert selt til støtte for «Fiskerimuseet i Ålesund». Det kostar omlag 3.500 kr å produsere 500 slike. Eit aktivt sal av «Storegjerde-sertifikat», allereie frå 31.juli, er ikkje særskilt risikabelt!

 

TIL SLUTT

I prosjekt der FylkesFOTOarkivet aktivt går inn og yter tradisjonelle reprotekniske tenester, vert FylkesFOTOarkivet eigar av repronegativet med rett til formidling av kopiar. Det vil for dei fleste kommunar vere ei god og praktisk løysing fordi kommunane sjeldan har kompetent personale knytt til faste stillingar til fototeknisk arbeid. Ei sentral formidling vil også sikre at arbeidet går føre etter eit avtaleverk tufta på Åndsverkslova, og slik sett i større grad kunne hindre misbruk og uautorisert kopiering av bileta. Med digitale kopiar tilgjengeleg lokalt kan sogelaget/kommunen likevel stå føre ein vesentleg del av formidlingsarbeidet.

 

FylkesFOTOarkivet

Aalesunds Museum, 9.7.1997

Ragnar H. Albertsen

Fotoarkivar

 

 

Vedlegg:

 

ARGUSKLIPP FRÅ SEKRETARIATET FOR FOTOREGISTRERING

 

                            

ARGUS-1514.0001      26.03       1982

Tittel: "ÅRSMØTE I SANDE SOGELAG"

Formann Erling Indresøvde og Harald Molvik studerer eitt av dei gamle bileta på utstillinga med bilete etter Storegjerde...  Arbeidsoppgåvene til laget ....å ordne og katalogisere fotosamlinga til Storegjerde, og å gje ut  "Segn og Soge"

Synste Møre                         Klovning, Inge

 

ARGUS-1514.0002      18.08       1989

Tittel: "HAR FÅTT HEILE STOREGJERDE-SAMLINGA I GÅVE"

Ingress: Denne gåva kan ikkje målast i pengar. Dette er ei unik kulturskatt for heile søre Sunnmøre......sogelaget har fått som gåve alle bileta og alt fotoutstyret etter den legendariske fotografen Olaf Storegjerde. ...gåva større enn ein visste...

Vestlandsnytt                      

 

ARGUS-1514.0003      21.11       1989

Tittel: "KULTURSKATT TAPT FOR ULSTEIN" -UNIK KULTURSKATT FUNNEN

Ingress: Ei unik samling av fotoutstyr frå århundreskiftet og mange tusen fotoplater etter fotograf Storegjerde dukka opp i Ulsteinvik i haust etter at ei syster han budde hjå døydde.  ....utstyr og omlag 15.000 fotoplater. Sande Sogelag har retter

Vikebladet                          Gjerde, Gunn Berit

 

ARGUS-1514.0004      19.03       1991

Tittel: "SANDE VIL HA FOTOSAMLING"

Notis: Sande Sogelag gjer framlegg om å etablere eit foto historisk fylkesarkiv i kommunen. Dette med basis i den store

fotosamlinga etter Olaf Storegjerde. Rådmann Gudmund Sandnes ser positivt på framlegget .....oppmoder fylkeskommunen.....

Sunnmørsposten                     

 

ARGUS-1514.0005      27.03       1991

Tittel: "FOTOARKIV"

Notis: Sande Sogelag har teke initiativet tilat det vert oppretta eit offentleg arkiv av fotohistorisk materiale i Sande.

Det eksisterer pr. i dag ikkje slikt arkiv...... samlinga til Olaf Storegjerde naturleg vil danne basis.

Vestavisa                          

 

ARGUS-1514.0006      11.02       1992

Tittel: "LARSNES VIL HA FOTOARKIV"

Ingress: Fotografisamlinga etter Olaf Storegjerde på Larsnes må brukast som grunnstamme i eit fotohistorisk fylkesarkiv for Møre og Romsdal. 30.000 bilete.(truleg trykkfeil i avisa)....det hastar svært for å få skriftlege opplysningar,... har etterlete få opplysningar

Sunnmørsposten                      Kleveland, Frode

 

 ARGUS-1514.0007      24.01       1995

Tittel: "6000 "NYE" STOREGJERDE-BILETE!"

Bildetekst: Arne Werkland reknar med å bruke fleire år på å fremkalle glasplatene etter fotograf Storegjerde. I sitt vesle

mørkerom vert han stadig forbløffa over den gode kvaliteten på bileta.

Vestlandsnytt                      

 

AVISA-1514.0001      29.04       1997

Tittel: "SAMLINGA ETTER OLAF STOREGJERDE"

Samlinga etter Olaf Storegjerde er svært omfattande - også i nasjonal målsestokk. Storegjerde (1879-1958) utdanna seg til fotograf i Trondheim.  Sande Sogelag sit på eigedomsretten.   (Soregjerde-samlinga vart kulturminne for Snde i "Kulturminneåret 97"

 Vestlandsnytt                      

 

AVISA-1514.0002      06.06       1997

Tittel: "FOTOSAMLINGA SKAL LEGGAST PÅ DATAARKIV"

Tysdag vart det kjent at Sande har valt Storegjerde-samlinga til å representere kommunene i Kulturminnestafetten-97. Valet inneber at at arbeidet med samlinga får ein etterlengta sum. Håpet er no at framdriftsplanen kan forserast. Kr 15.000 i alt.

Vestlandsnytt                      

 

 

 

 

 

Kulturkonsulent Helge Kjerstad, Kjell Ove Vasstrand og  formanni Sande Sogelag, Olav Myklebust. 

Alle fotos: © R.H. Albertsen


[1] FOTOARKIV består av fotografisk materiale som er produsert eller mottatt av en arkivskaper og oppbevares som resultat av dennes virksomhet. Proveniensprinsippet med krav om at materiale fra ulike arkiv skal holdes adskilt og at den opprinnelige orden i arkivet skal bevares, står sentralt ved håndtering av arkivmateriale.

FOTOSAMLING består av fotografisk materiale som er sammenført fra forskjellige fotoarkiv (sekundær proveniens).

 

Fra «Fotoregistrering på serienivå - utkast til serieregistreringsstandard» Sekretariatet for Fotoregistrering 1996