Dette og 280 andre bilde vart digitalisert i Stranda 23. oktober .

19 av dei kom Torbjørn Midtgård fra Eidsnes i Sula inn med.

Lars O. Midtgaard (lengst til høgre) og svogeren hans, Anders Seljeflot (nr.tre frå høgre m/pipe).

Desse to karane var på Setnesmoen (Rauma kommune i Romsdal), ein gong rundt førre århundreskiftet.

Kva kortspel dei spelar?, tja - kva kortspel var valeg for 100 år sidan? 

Kan hende poker i denne samanhengen? Foto:Truleg ein Sødahl!

 

 I løpet av ca. 14 dagar vil informant og eigar av dette biletet, Torbjørn Midtgard, registrere de andre 18 bilde under lokalt nr FAKf-0897.

 

Les meir om Sranda Sogelag

 

Mandag 23. oktober var det nok ei økt med digitalisering av bilde på Stranda ungdomsskule.

Kvar mandag sidan i haust har Stranda Sogelag fått høve til å låne gode lokal og skulen sitt datarom. Og folk møtar opp med album og lause bilde for utval, digitalisering og registrering. Fleire av sogelagsmedlemma nyttar no høvet til "nettregistrering" (eg trur vil skal fase ut dette ordet "online"). At Torbjørn Midtgard kom eins ærend frå Sula, med eit knippe bilde med tilknytning til Stranda, var ekstra hyggeleg.