320 "skråfoto" frå Ulstein er funne fram igjen!
Mellom bilda frå Ulstein er nokre på glasplatenegativ og tekne før krigen, men knuste.....
Trykk på bilete for utsnitt.
I 1973 kjøpte Ulstein kommune alle rettar til dette og over 300 andre flyfoto (på fagspåket: skråfoto). Seljar var Fjellanger-Widerøe A/S. Våre kjelder fortel at den såkalla fotogrammetri-avdelinga i FW vart lagt ned då Fred Olsen kjøpte selskapet. "Flyfoto"-arkivet vart stykka opp og selt til kommunane i heile landet. Ulstein sine bilde har vore "bortarkivert" etter at bygdeboknemnda arbeidde med det for mange år sidan. Men no er bileta nett funne fram igjen. Det var Herleiv Saunes, ein lokal fotointeressert slektsforskar, som "masa" seg fram til bilda. Saman arkivar Elin Haddal i Ulstein kommune var han pådrivar for at bileta vart funne i ein safe langt inne i loftsarkivet på kommunehuset. FylkesFOTOarkivet skal no lage ei skisse til ein av fleire måtar å handsame denne kjelda på. Widerøebileta skal digitaliserast og gjerest tilgjengeleg efor ålmenta i løpet av 2007.
Du kan lese meir om Widerøearkivet her : ☺ Onsdag 9. 11. var FylkesFOTOarkivet på møte med representantar for Ulstein kommune. Framme frå venstre: Personalsjef Asbjørg Garshol og arkivar Elin Haddal, bak journalist Ingvild Ausøy Måseide frå Vikebladet og kultursjef Leif Ringstad. (Foto: RAL)