Full fart i Austefjorden!      Les pressemeldinga sendt ut etter møtet!

Oddvar Høydalsvik frå Austefjord Museum, prosjektleiar for Busetnadssoga for Volda, Arnfinn Kjelland og Ivar og Tordis Skare. Foto: RAL

 

Det var mykje folk i grendahuset "Samhald" då Busetnadssoga for Volda og FylkesFOTOarkivet tok i mot bilete måndag 6.11.2006. Aldri før har så mange kome med bilete på ein og same innsamlingsøkta. Ivar og Tordis Skare hadde med 20 bilete. I tillegg kom folk fra 25 andre husstandar med frå eit til 200 bilete!

 

Kvifor vi hadde denne innsamlingsøkta?

Det kan du lese om det i pressemeldinga som var sendt ut på førehand:

 

Busetnadssoga for Volda

Arnfinn Kjelland, Høgskulen i Volda, 6100 Volda

Tlf 70 07 51 06 (a)/70 07 83 63 (p), e-post ak@hivolda.no

Pressemelding

Volda, 1.11.2006

Bildemøte for Busetnadssoga i Austefjorden måndag 6. november

Arbeidet med andre bandet av den nye Busetnadssoga, som dekkjer Folkestad, Kilsfjorden og Bjørkedalen, er no i siste innspurt før trykking. Vi reknar med boka skal kome i handelen minst eit par veker før jul. Band 1 om Dalsfjorden kom som kjent ut nokre veker før jul i fjor. Den boka vart vel motteken og fekk m.a. mykje skryt for alle dei gamle bilda som var tekne med. Også til band 2 har vi fått inn mange fine gamle bilde, så vi reknar med det bandet blir like fyldig illustrert som band 1.

Tilnærma alt arbeid med bilde til Busetnadssoga skjer elles i nært samarbeid med FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal ved leiaren Ragnar H. Albertsen. Alle bilde blir i våre dagar digitaliserte, slik at redaksjonen for Busetnadssoga kan bla fram og attende på eigne skjermar når arbeidet med å velje ut bilde til bøkene går føre seg.

Arbeidet med band 3, som vil dekkje Høydalen, Austefjorden og Hjartåbygda, er òg god gjenge. Forfattarane, Olav Myklebust og Eldar Høidal, er i gang med å skrive saman teksten.

Når det gjeld bildetilfang til band 3 er Busetnadssogeprosjektet heldig stilt. Vi har fått med nye sam­arbeids­partnarar til tillegg til Fylkesfotoarkivet: Austefjord museumslag og Høydal velferds­lag. Begge desse sistnemnde har i mange år drive eit omfattande og særs verdfullt arbeid med å samle gamle bilde og informasjon knytt til bilda, og no i det seinare har FylkesFOTOarkivet digitalisert desse. Busetnadssoga får høve til å bruke frå desse samlingane i band 3.

Det er likevel ikkje sikkert samlingane til museumslaget og velferdslaget er heilt dekkjande, så vi vil også i Austefjorden arrangere i alle fall eitt ope møte, der folk sjølve kjem med eit utval av bilda sine som vi kan bruke i boka. På møtet avfotograferar Albertsen bilda og andre med­arbeidarar skriv ned informasjonen om dei. Møtet blir måndag 6. november på Samhald i Austefjorden (sjå òg annonse i laurdagsavisa).

Dermed kjem spørsmålet om kva for bilde vi er særskilt interesserte i. Det er ikkje heilt greitt å svare presist på. Men som ein kan sjå av band 1 har dei grendevise innleiingane både oversikts­bilde og bilde frå næringslivet (jordbruk, fiske, bedrifter), skulebilde og bilde av/frå lag og organisasjonar.

Frå bustadområda (gardane) har vi så allereie serien med flyfoto frå Widerøe’s Flyveselskap frå først i 1960-åra. I tillegg ber vi om å få bruke bilde av tun, setrar, kulturlandskapet og personar knytte til bustadane. Er det bilde frå arbeidslivet, er vi særskilt interesserte i dei, men vi nyttar òg meir vanlege, oppstilte gruppebilde (som det finst mange fleire av).

Vi nyttar helst eldre bilde i bøkene, dvs. stort sett bilde frå første halvdel av 1900-talet eller før.

Arnfinn Kjelland

prosjektleiar