2007-2009:
FylkesFOTOarkivet digitaliserer fotosamlinga ved
Nordmøre Museum (kap.2, - kap.1 se her)
 
Det er omlag 40.000 bilete ved Nordmøre Museum. FylkesFOTOarkivet har prioritert å bistå museet med digitalisering av samlinga. Vilkåret er mellom anna et museet legg breisida til og følgjer opp med ein stor ressurs til registreringsarbeidet.
 
13.11.2008 digitaliserte vi ma. tre store visittkortalbum med til saman 240 bilete. Dei 100 første ser du under på denne sida her. Innan ABM-sektoren, og ved musea særskilt går det føre ein diskusjon om kva ein skal take vare på og kva ein skal "avhende". Visittkortbilda vi har digitalisert ville kanskje ikkje vorte "avhenda". Men er det meining i å digitalisere desse bilda og legge dei ut på nett? Truleg ville td. ikkje så mykje av Sponlandarkivet med 45.000 bilete blitt teke vare på etter dei nye retningslinene som er på veg inn i "bevaringssektoren" (?). Ressursane er ikkje store nok. Med mindre ein vågar å finne kompromissløysingar. Som td. ved bruk av dugnadshjelp.
 
Dagens økt med visittkortbilete var enkle å digitalisere. Bilete hadde ikkje noko museumsnummer på førehand. Samlinga fekk nr KMb-2008-047. Dette nr. vart automatisk til filnr. under digitaliseringa. FylkesFOTOarkivet nyttar digitalt kamera og bliz-reprolys til reproarbeidet, og direkte overføring via kabel til datamaskina.
 
Vi brukte omlag 30 min. på sjølve digitaliseringa av desse 100 bilda. På førehand hadde Roar ved Nordmøre museum teke bileta ut av albumet. Vi brukte 15 minuttar på å digitalisere baksidene (til identifiseringsbruk seinare). Vi brukte 1,5 time til reinskjering, og 10 minutter til klargjering og batch-kjøyring for å lage svart/kvitt-bilete til seinare nettbruk. (Og så brukte vi drygt 1,5 timer på å skrive om saka å heimesida og laste opp... RAL 13.11.2008). I morgon skal Roar legge bilda forsiktig tilbake i visittkortalbumet. Kor lang tid vil han bruke? Skal vi bruke tid på registrering av dei einskilde bilete i vinter, og kor lang tid vil event. det ta? Ei serieregistrering av slike bildesamlingar kan vere aktuelt. Men reiskap til serieregistrering er enno ikkje utvikla for den programvaren ABM-sektoren nyttar...