FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

 

Kva skjer med brukarkommentaren min?

 
Brukarkommentaren står der den står, vert registrert og sent som kopi til FylkesFOTOarkivet. Men feil, manglar og nye opplysningar du kjem med vert ikkje automatisk oppdaterte i databasen. Alvorlege feil prøver vi å rette opp straks vi får melding om dei. Alt tek tid. I utgangspunktet vert bidraga frå publikum ståande uendra.
 
Pr. 1. okt. 2009 har vi fått inn over 3400 "Brukarbidrag" til dei bilda FylkesFOTOarkivet har "netta". Innhaldet i brukerbidraget vert ikkje søkbart før vi har kopiert teksten inn i databasen. (Ein handfull særs ivrige personar med stor lokalkunnskap har fått eige brukarnamn og passord slik at dei kan skrive og korrigere rett inn i databasen.)

 

(FAK/RAL 27.09.2009, oppdatert sist 06.10.2009)