FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal

 

Kor presis er dateringa av bilda?

Dateringa bygger på informasjon om nå biletet vart teke. For bilda i Sponlandarkivet (AM-95003) er årstalet så presist det kan bli. Det byggjer på fotografens eigen protokoll, då biletet fysisk vart teke,  - eller når kunden kom inn med eit gamalt bilde som fotografen skulle reprodusere. Bilda i arkiva etter Johannes Sponland og Enok O. Simonnæs byggjer på fotografen sin originalprotokoll og er difor temmeleg presise.

For bilda i td. Storgjerdearkivet (FAKf-100100, lokal signatur SASf-) er dateringa på meir enn 2000 bilde temmeleg upresis: Desse er daterte til 1905-1955. Desse Storegjerebilda er forebels udaterte og ikkje identifiserte bilde vi ikkje vet særleg mykje om. Men vi veit Olaf Storegjerde var aktiv fotograf i perioden 1905-1955. (Sammen eier Sande sogelag har vi valgt å legge bildene ut på nett slik at publikum skal kunne hjelpe oss med identifisering og bedre datering.)

I datering av bilde er det eigar/utlånar/informanten sine opplysningar vi legg til grunn. Vidare kan materialtype og andre tekniske opplysningar og fotofaglige kunnskaper legges til grunn, samt klesdrakt, bebyggelse etc. etc.. Men alle historiske opplysningar anten det gjeld foto eller andre historiske kjelder må brukast med vanleg kjeldekritikk. Å notere informanten sitt namn, fødselsår og yrkje blir dirfor viktig når informasjonen skal vurderast og brukt i andre samanhenger.

Meir om datering

Når vi daterer bilda er det reint teknisk eigentlig tre felt vi brukar: "Frå år" og "Til år" og eit "merknadsfelt". Diverre syner ikkje nettbasen pr. sep. 2009 merknadsfeltet knytt til dateringa, -  det vi bruker til å skrive "CA", "ANT", "FØR", "ETTER" eller presis dato. td.10.10. for presis datering 10. oktober.

Hvis fotografiet kan daterast til eit bestemt årstal, skriv vi same årstalet i begge dei to første felta. Gir me opp eit tidsrom for når biletet er teke, skriv me første aktuelle år i første delfelt og siste aktuelle år i andre delfelt.

1920-åra skriv me slik: 1920-1930

Fyrste halvdel av 1920-åra skriv me slik: 1920-1925

Slutten av 1920-åra skriv me slik: 1925-1930.

Skjermbilde frå nettbasen:

Same skjermbilde i internbasen:

 

 

 

FAK/RAL 27.09.2009