FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal
Korleis søkje opp Widerøebilda?
"Alle vegar førar til Rom", heiter det. Det finst minst tre vegar inn til Widerøematerialet. Her er dei i prioritert rekkje:
1) Skriv "Widerøe" i Fotograffeltet under "Avansert søk". Då finn du dei aller fleste Widerøebilda FylkesFOTOarkivet rår over. (Alle Widerøebilda under FAK skal oppgraderast til å starte med "Widerøe" i fotograffeltet.) 2) Skriv %W% i Lokalt signatur. Då finn du særs mange av bilda. (Vi prøver å bruke "W" som del i feltet "Lokalt signatur".) 3) Skriv %Flyfoto% i Omtale feltet. Avgrenser du til Møre og Romsdal, får du pr. 1.10.2009 1384 treff. (Alle Widerøebilda skal registrerast, og helst starte med ordet "Flyfoto" i omtalefeltet. (Sjølv om praktisk tala alle desse bilda på fagspråk er "skråfoto"....) Ordet "Flyfoto" er sjanger, ikkje motiv, men nyttast likevel av mange som stikkord. FylkesFOTOarkivet prøver å unngå dette. Litt meir eller....? Det er ulike meiningar om bruk av firmanamnet "Widerøe" i fotograffeltet i databasen. I det nasjonale "Fotografregisteret" finn ein pr 1.10.2009 kun ein Harald Widerøe, og han har, så vidt vi veit ikkje noko med flyfotoaå gjere.... Mellom dei mest kjende fotografane som står bak Widerølebilda var Helge og Vilhelm Skappel, og Rolf Ingelsrud. Der vi td. veit det er Vilhelm Skappel som har teke biletet skiv vi slik i Fotograffeltet: Widerøe, Vilhelm Skappel Historien bak: I fotografreisteret, som Preus Museum nå står ansvarleg, for kan ein lese: "Biografi/historikk: Fjellanger Widerøe har drevet med flyfotografering siden ca. 1935. I 1934 og 1936 slo Helge Skappel og broren Vilhelm S. seg sammen med brødrene Viggo og Arild Widerøe og dannet et felles flyselskap." Framleis litt uklårt? Send spørsmål på epost ragnar@fylkesfoto.no, eller ring 9084 5861
FAK/RAL 01.10.2009
: