Bygdefotografen Hans Petter Åsen (1884-1944)

Hjartåbygda i Volda

 

Opplysningar frå familien Aasen

  

Hans Petter Åsen vart fødd på garden Åsen i Volda. i 1884.  Han var nummer to i ein syskjenflokk på åtte, og foreldra hans var Hansina Marta ( f . Hjorthaugreite) og Johannes Åsen. Hans budde på Åsen heilt til han døydde i 1944.

 

Hans var ikkje heilt helsesterk, men det snakka han lite om. Det som vart sagt var at då han var smågut, hadde mor Hansina kome våt heim etter å ha vore med i båt til kyrkje. Hans hadde sete på fanget hennar før ho hadde fått bytta av seg dei våte klede. Hans hadde då fått det som dei kalla gust. Kanskje kan vi kalle det eksem eller noko liknande.

 

Men Hans klarte seg med den dårlige helsa si. Han arbeidde alltid med eitt eller anna. Han var så nøysam og flink med arbeidet sitt. Det han tente pengar på var nok å binde inn bøker for folk. Så reiste han rundt i bygdene med ein koffert full av bøker og gjekk rundt i husa og selde. Det var gode bøker. Mest ifrå Lundes forlag i Bergen. På selgarturane sine fekk han også med seg bøker heim til innbinding. Han likte godt å lese og skrive, men han arbeidde også på garden når det var noko å gjerde ute. Ellers reparerte han sko. Strikkemaskin kjøpte han seg og, men om ho vart så mykje brukt er uvisst. I tillegg  var han på kverna når havren skulle målast.

 

Kverna var ved Homberget og var dreven med vatn frå Ervikvatnet. Viss mjølet skulle verte fint, måtte kvernsteinen stillast godt ned, men då gjekk det seinare å male. Og Hans hadde tid, og eit eineståande tolmod, så han kom alltid heim med fint mjøl. Hobbyar hadde han også. Den han nytta mest var fotografering og framkalling av bilete. Han må også ha vore musikalsk då han likte å spele. Etterkvart kjøpte han seg både fele, mandolin og fløyte. Grammofon med tut vart det også. Han lærte å spele på instrumenta sine, men det vart mest til husbruk. Og av og til spela han til leik og dans på ungdomshuset på fela si.

 

Det som særprega Hans mest var hans gode lynne. Surheit og sinne kom aldri til utrykk hos han. Då han hadde eit kjenslevart sinnelag, hadde han det vondt når nokon var sjuke eller hadde motgang på andre måtar. Han var svært folkekjær, og viss ein kan seie om nokon at han hadde berre venner, så måtte det vere om Hans. Med sin smålåtne natur og si uforfalska godheit, var der ein aura av ro rundt han. Han var ein omgjengeleg mann ein berre måtte verte glad i. Hans var også glad i naturen. I hans levetid var det ikkje vanleg med bilar og viss ein skulle nokon plass, så måtte ein for det meste gå. Og Hans trivdes med det. På handleturane sine til Volda iførte han seg vindjakke og ryggsekk, og vegen vart ei naturoppleving. Ein tur som vart årviss, og som han likte godt, var turen til Aldalen for å hente juletre. Og for Hans var det ikkje berre å ta det første og beste, nei, han gjekk til han fann eit skikkelig fint tre. Etter ein slik tur kom han ofte heim som ein snømann, med rim i hår og bart. Han var glad i jula, han Hans og julepynten vart han også med på å lage. Når ein skal omtale Hans, så treng ein ikkje store ord. Det hadde han heller ikkje likt . Men vi har mykje å ta lærdom av når vi tenkjer på veremåten hans. Han vann fram med sin kjærleik til sine medmenneske og si samarbeidsevne. Difor etterlet han seg berre gode minne.

 

(Ukorrigert avskrift FAK v/Anne-Marie Nilsen 1999)

 

Se noen Aasenbilder? OBS! Det tar foreløpig tid med opplasting fordi det ligger 1,6 MB og 100 bilder koblet til denne..... Vi skal prøve å dele opp dette etterhvert