FylkesFOTOarkiivet i Møre og Romsdal - 1997

 

Statusrapport:  Fotografane i Møre og Romsdal,  Haram  kommune

 

Fotograf Elias Bjørlykke

(1889 - 1955)

Biografiske opplysningar i artikkelform

 

 

 

 

 Opplysningar etter samtale med sonen Per Steinar Bjørlykke (f.19.04.1924)

og sonesonen Per Jarle Bjørlykke (f.27.10.1962), Bjørlykke, Samfjord i Haram 14.august 1996.

 

Historia om bygdefotografen Elias Bjørlykke (1889-1955) er ei historie om ein gløgg og nevenyttig ungdom som trass fysiske vanskar greidde å skjøtte og halde farsgarden i hevd, fø fram ein stor barneflokk og ein ny generasjon brukarar på Bjørlykke. Og samstundes både vere bygda sin fotograf og sykkelreparatør. Elias Bjørlykke var nemleg halt. Eit stivt kne og ein stiv alboge hemma kroppsarbeidet for odelsguten. Då han overtok garden Bjørlykke i Samfjord i Haram kommune kring 1915 måtte han leige hjelp til å drive den. Sjølv måtte han finne seg andre syslar til inntekt for å sleppe å hamne på fattigkassa. Fotografering vart ein av inntektskjeldene.

 

 

INVALID FRA 20-ÅRSALDEREN

Elias Bjørlykke var elev på jordbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes kommune då dei skulle bygge ny løe ved skulen. Han var med å grov ut tomt og høgde tømmer som dei flødde langs land til saga. Under arbeidet hadde Elias fått eit sår på kneet. Vassing i det kalde vatnet var ikkje gunstig for groinga og kneet vart berre verre og verre. Det gjekk så langt at då han først kom til lege var det ikkje anna å gjere enn å stive av kneet. Men betenninga hadde spreidd seg og slo også ut i ei alboge. Det gjekk ikkje betre enn at albogen også vart stiv. Trass dette gjekk Elias ut som ein mønsterelev ved skulen og blei den nest beste i sitt kull! Etter skulen fekk Elias jobb som kontrollør ved eit meieri på Jæren. Men pliktene kalla. Etter ei tid måtte han heim og ta ansvar for garden på Bjørlykke.

 

OMSKULERING

Elias måtte omskulere seg. - måtte lære seg eitkvart slik at han ikkje hamna på fattigkasse. Han måtte sjå seg rundt etter noko å leve av, han var eldst av syskena på Bjørlykke og skulle overta gården. Skulle han greie det måtte han leige hjelp til gardsdrifta. Kona Petrine, dei gifte seg i 1923, var heller ikkje mellom dei sprekaste. "Ho hadde ei skade heilt i frå jordmora måtte riste liv ti henne når ho kom inn i verda", fortel Per Steinar. Foten, eller hælen, kom ut av ledd med følgje av at ho vart litt halt. Dette vart ikkje oppdaga tidleg nok til at ein kunne rette opp skaden. Elias og Petrine sleit nok mykje som gardbrukarar pga. sine handikap.

 

Kvifor Elias tok til med fotograferinga veit vi ikkje. Det kan ha vore eit tips frå ein lege. Vi veit frå andre kjelder at fleire som vart ramma sjukdom, td. tuberkulose, vart omskulerte til fotografar fordi fotograferinga ikkje kravde så mykje fysisk styrke, og investeringar til utstyr og materiell var relativt små.

 

Elias lærte seg i alle høve å fotografere. Han var nokre dagar  hos ein fotograf i Ålesund og lærte det grunnleggjande. Innramming lærte han hos ein annan same stad. Ei tid etter reiste han til Sandnes og lærte seg å spenne opp sykkelhjul. Kan hende tida som meierikontrollør på Jæren allereie hadde sett han på den tanken?

 

Vel heime igjen, kring 1.verdskrig vart han agent for Jonas Øglend Sykkelfabrikk. Frå no av og fram gjennom heile sitt yrkesaktive liv dreiv Elias Bjørlykke dette "vekselbruket", som gardbrukar med mykje leigd hjelp, sykkelselgjar og reparatør og bygdefotograf. I tillegg hadde han landpostruta. "Ein stor del av syklane frå Sandnes kom i delar i den tida. Då gjekk ikkje bussen forbi stovedøra heller. Då var det til å ro i Brattvågen og hente kasser og frakte heim. Så var det å ta laus merra å kjøre det opp i frå sjøen", fortel sonen Per Steinar Bjørlykke. Mange tunge tak i ein heilt anna tid enn i dag.

 

BÅTLASTER MED KUNDER

Elias måtte vere oppfinnsam, sykkelen var viktig framkomstmiddel, også for han. Han laga si eiga handikapsykkel ved å skifte ut den eine pedalen med ei tåhette til stivfoton. Frå ca. 1915 reiste og delvis sykla bygdefotografen Elias Bjørlykke rundt i bygda og fotograferte folk i heimane deira. Om søndagane kunne det komme båtlastar med folk frå Brattvåg som skulle til fotografering i tunet på Bjørlykke. Oppstillingane kunne vere tradisjonelle, og bjørka og steinen på tunet går igjen som bakgrunn på mange av bileta. Motiva er vanlege portrett og gruppebilete og alltid folk i finstasen. Det er særs få bilete knytt til arbeidslivet. Periodevis var det mykje fotografering.

 

 

 

Elias trappa ned fotografering kring 1940. Andre fotografar kom inn på marknaden, ma. fotograf Petter Ekroll i Brattvåg. Ein annan som «tuska» litt som fotograf i Haram var Petter I. Indrestrand. "Nyland-Petter", som han vart kalla, fekk ma. jobben med å ta passbileta under krigen. Rett etter krigen starta ein yngre bror av Petter Ekroll opp som fotograf i Tennfjord. I dag er Sverre Oksavik fotograf i Brattvåg.

 

Fotograferinga ga nok noko inntekt, men sykkelsal og reparasjon var nok viktigare inntektskjelder for Elias Bjørlykke. Men det var kanskje dei mange ulike faga han praktiserte som til saman ga familien på Bjørlykke eit brukbart utkome i den karrige perioden som mellomkrigstida og særleg 30-åra var.

 

Då Elias døydde, "pjaska" sønene Per Steinar og Inge litt med sykkelreparasjonar. Men det vart fort nok å gjere med å halde jorda i hevd. Men sykkelverkstaden, tilliks med fotoutstyr er teke vare på.

 

BRUK AV ARKIVET

Både fotoapparat og mørkeromsutstyr etter Elias Bjørlykke finst på garden. Protokoll over dei fyrste 4-500 bileta er teke vare på. Arkivet er på 1500 til 2000 einingar i storleik 8x12cm.og ligg i små originalesker i eiga kiste i eit stabbur på garden. Det er påskrift utanpå dei fleste eskene, men prøver syner at platene har blitt litt "blanda" ved utlån til ulike brukarar i bygda. Men ingen plater er blitt knuste i samband med slikt utlån, meiner Per S. Bjørlykke.

 

 

Platene er i rimeleg bra stand, men har en del mekaniske skrape-skader. Og dei står ikkje godt der ute i stabburet der temperatur og luftfukt svingar med årstida.

 

Ein del av dei fotografiske glasplatene har vore kopiert opp i samband med utlån, - både til utstillingar og lokalhistoriske skrifter. Fotoskatten på Bjørlykke er vel kjend og brukt både i Haram kulturhistoriske lag og Vatne Sogelag.

 

NOKRE BIOGRAISKE DATA

Elias var godt skolert. Først hadde han gått framhaldsskule i Ertresvågen, så amtskulen

 

 

i Ørskog før jordbruksskulen på Gjermundnes. Han var eldste sonen og ein av sju fødde barn av Peder Bjørlykke og Nikoline f. Skår. Elias vart i 1923 gift med Petrine Lyse frå Fjøra i Norddal kommune.

 

Per Steinar Bjørlykke vart eldstemann i den neste generasjon Bjørlykke. Han vaks opp med syskena Jon, Nordis, Målfrid og Inge.

 

Per gifte seg i 1955 med Tora Kristine Marken frå Fiksdal i Vestnes kommune og dei fekk barna Elsa, Per Jarle og Alf Magne. Per Jarle er i dag eigar og drivar av garden Bjørlykke gnr 82 bnr. 4 i Haram. Han er i dag formell eigar av alle bilete og utstyr etter bygdefotografen Elias Bjørlykke.

 

 

HANDSAMING AV ARKIVET

Eigar, Per Jarle Bjørlykke har kontakta FylkesFOTOarkivet og i klartekst sagt at arkivet etter bestefaren bør oppbevarast ein tryggare stad. FylkesFOTOarkivet har tolka dette dithen at han er villig til vederlagsfritt å gje bort arkivet under føresetnad av at det vert sikra, ordna og etterkvart gjort formidlingsklart for folk i og utanfor Haram. FylkesFOTOarkivet eig pr. dags dato ikkje originale glasplater og vil svært gjerne motta og ta ansvar for arkivet.

 

Men FylkesFOTOarkivet ynskjer primært å få Haram kommune inn som aktiv og finansiell part i eit slikt prosjekt og etablere samarbeid mellom eigar, kommunen og FylkesFOTOarkivet. Lukkast ikkje dette vil FylkesFOTOarkivet ta ansvar for arkivet og i samarbeid med eigar søke finansiering i arbeidet med å kopiere opp bileta og gjere dei tilgjengelege. Familien vil på si side hjelpe til med identifisering lokalt.

 

Ved årsskiftet er 100 bilete frå arkivet kopierte opp og digitaliserte av FylkesFOTOarkivet. Familien har identifisert svært mange av bileta.

 

Ålesund, 3.mars 1997

 

 Ragnar H. Albertsen

     Fotoarkivar

 

 

Bileta i denne biografien/artikkelen er førebels ikkje identifiserte. Foto: Elias Bjørlykke