FylkesFOTOarkiivet i Møre og Romsdal - 1997

 

Statusrapport:  Fotografane i Møre og Romsdal,  Giske  kommune

 

Fotograf Erling Gjøsund

(1918 - 1996)

Biografiske opplysningar i artikkelform

 

 

Fotograf Erling Gjøsund. Fotograf: Ukjend

 

Opplysningar etter samtale med Hanna og Harry Gjøsund, Vigra i Giske kommune 29.10.1996

 

Fotograf Erling Gjøsund, fødd 10.mai 1918, var den eldste i ein søskenflokk på seks barn som vaks opp på Vigra i Giske kommune. Som fotograf har Gjøsund først og fremst arbeidd i Forsvaret, ikkje minst som flyteknisk fotograf under krigen, 1940 til 1945. Erling Gjøsund, som var ugift, døydde i 1996, 78 år gamal. Det fotomateriale som Erling sjølv hadde deponert på rådhuset i Giske kommune ble då henta attende av arvingane.

 

Som ungdom flest frå kystdistrika begynte også Erling Gjøsund med fiske. Han var på linefiske på Grønland allereie som 16-åring. Men interessa for foto ble tidleg vekt, truleg gjennom onkelen Sigvald Gjøsund (f.1908) som hadde etablert seg som fotograf i Kongsberg i 1935. Men Erling fekk først jobb som lærling hos sambygdingen, fotograf Peder Giske som forlengst var etablert som ein av dei dyktigaste fotografane i Ålesund på den tid. Etter eit par år, i 1936 el. 1937, fekk Gjøsund tilbod om arbeid hos sin onkel da han ville utvide den fotografiske verksemda sin og etablere filial i Oslo. Men verksemda til Sigvald Gjøsund i Oslo blei ingen suksess. Etter nokså kort tid blei den lagd ned og faktisk før Erling kom  i arbeid i fotoforretninga. Tidene i fotofaget var dårlege. Erling skreiv heim etter arbeidsklede og søkte i staden hyre utenriks.

 

Sjømann

Erling Gjøsund fekk jobb som smørar og segla mellom Amerika, England og Frankrike. Etterkvart avanserte han til motormann og seinare, som midlertidig tredjemaskinist. Svært mange av skipslastene han var med og frakta inneheldt krigsmateriell. Under reisene og opphald i hamner fotograferte han ein del. Sjømannskirka i Le´havre i Dunquerk i Frankrike var eit motiv, der Gjøsund truleg fekk teke nokre av dei siste bileta før tyskarane bomba kyrkja.

 

Flyfotograf

Krigen var forlengst eit faktum og attende i

Amerika melde Erling seg i Flyvåpenet si fotoavdeling i Torronto i Canada. Her utdanna han seg som flyfotograf og vart seinare stasjonert ved ein skvadron i England. Den første tida arbeidde han som fotograf på rekognoseringsfly. Men etterkvart som flyfotograferinga vart automatisert, vart det helst teknisk arbeid som klargjering av automatkamera på flya og framkalling av dei store filmrullane og kopiering etterpå. Dette arbeidet hadde han heilt fram til frigjeringa i 1945.

 

I samband med invasjonen på Normandie var Erling med blant dei aller første styrkane heilt i fronten. Den fremste oppgåva han då hadde var som fototeknisk mannskap og reservesjåfør, ein ikkje ufarleg jobb. Snikskyttarar, som helst sikta på sjåførane, var ein stror trussel og Erling har fortald fleire sterke episodar frå denne tida.

 

Erling Gjøsund kom raskt attende til Norge etter krigen. Ein viktige oppgåve han fekk var å sikre arkiv etter tyskararane og hindre at desse vart øydelagde. Seinare vart han fotoinstruktør for nye rekruttar på forsvaret sine flystasjonar på Kjeller og Værnes.

 

Erling var sterkt merka av krigen, var ganske lukka og fortalde lite om opplevingane sine. Han blei etterkvart invalidisert og hadde i periodar nerveproblem. Først mot slutten av sitt liv vart han meir open og fortalde familien om krigsopplevingane sine.

 

Nye reiser til utlandet

I 1951 hadde onkelen, fotograf Sigvald Gjøsund, emigrert til Australia for å prøve seg på mye marknader. Og Erling vart invitert med. Men ideen om fotoforretning i Australia stranda og Sigvald fann seg anna arbeid. Erling fekk i staden jobb på Kodak sitt laboratorium i Melbourn, der han var til emigrasjonspapira til Canada var ordna. Kort tid etter reiste Erling og fekk arbeid på ein flykartleggingsbedrift . Her arbeidde han i mange år.

 

Kring 1963 reiste Erling attende til Vigra. Her budde han i barndomsheimen i lag med mora som var blitt enke i 1954. I 1971 bygda Erling hus i nærleiken, på tomt han fekk frå broren Harry.

 

Erling Gjøsund fekk 70% krigspensjon i 1967 og frå då av vart foto meir ein hobby, sjølv om han hadde nokre fotooppdrag i kommunen. I 1976 fekk han 100% krigspensjon.

 

Erling Gjøsund. Fotograf: Ukjend

 

Æresmedlem i Vigra Skulekorps

Erling Gjøsund var, sjølv om han ikkje var aktiv musikar, interessert i musikk og korpsrørsla. Her fann han mykje og varierande motiv til hovudinterssa, fotografering og filming. Han vart  sterkt knytt til korpset og dokumenterte korpslivet og filma i ulike samanhengar, og han var med på mest alle korpsturane. Som filmfotograf var han snar med å skaffe seg amatørvideo då dette kom på marknaden i 70-åra. Og videokameraet vart mykje brukt i lag med skulemusikken. I slutten av 1980-åra fekk Erling æresmedlemskap med diplom i Vigra Skulekorps.

 

Erling Gjøsund dreiv ei moderat fotoverksemd på Vigra. Dei invalidiseranda nerveskadene han pådrog seg under krigen hemma nok arbeidet. Han hadde ikkje noko atelier i heime, og for det meste vart filmar sende til postordrefirma for framkalling og kopiering. Ein del oppdrag i bygda var det jamt likevel, så som konfirmasjonsfotografering, portrett og familiebilete. Bileta vart ofte tekne i heime hos folk.
 

Arkivet

Det originalmateriale som finst etter Gjøsund er særleg fargenegativ og album knytt til  Vigra Skulekorps. I tillegg kjem fleire kasettboksar med lysbilete, særs mange videofilmar og ein del 16mm film. Så langt har ein ikkje funne nemneverdig svart/kvitt materiale. Men ein del av det han har hatt er truleg levert til Forsvaret.

 

Arkivet består i 4-6 mindre metallesker med ordna 120 mm film. Filmane er systematiserte på årstal og opplysningar er skrivne utanpå konvoluttane. I hovudsak er det materiale frå tidleg på 60-talet og fram mot 1980. Fargekopiane er oppbevarte i  plastlommer i album og tekst er skrive til einskilde. «Det var nesten som terapi å halde god orden i arkivet», fortel broren Harry. Om fotograferinga fortel han at innteninga ikkje var så stor for Erling, og folk var ikkje alltid så flinke til å hente bilete som var tinga.

 

Fotograf Erling Gjøsund deltok på ulike tilstellingar i bygda og synte lysbilete. Dette var populært.

 

Lite svart/kvitt

Det er påfallande lite svart/kvitt materiale igjen etter Gjøsund. Ein del materiale, så som uavhenta tingingar, mellom desse reproduksjonar, vart kasta etter at Erling døydde då huset vart rydda og selt. Truleg er mest alt materiale frå krigen tidlegare gjeve til militære arkiv og museum i Noreg.

 

Eit negativalbum med ca. 350 sv/kvitt eksponeringar i 35mm, og som FylkesFOTOarkivet fekk låne med, er truleg teke av ein kollega Gjøsund arbeidde saman med under krigen.

 

Harry Gjøsund, som etter arveoppgjeret har overteke alle bilete, film, ein del fotoutstyr, medaljar og uniformar etter Erling, ynskjer at dette vert teke vare på. Det faktum at ingen andre fotografar har arbeidd på Giske/Vigra før kring 1970 er eit argument for at ein bør ta vare på heilskapen i arkivet, sjølv om arkivet ikkje er særskilt gamalt. Bevaring av bileta var også Erling sitt ynskje.

 

Harry Gjøsund er sjølv ein habil amatørfotograf og har fleire tusen lysbilete.

 

   

Harry Gjøsund med broren sin 8mm filmkamera

 

  

Hanna og Harry Gjøsund med ein del materalet etter fotograf Erling Gjøsund.

 

Ålesund 14.1.1997

FylkesFOTOarkivet/Aalesunds Museum

 

 

Ragnar H. Albertsen

Fotoarkivar/fotografmeister

 

 

Foto av Hanna og Harry Gjøsund: Ragnar H. Albertsen

/blockquote>