FylkesFOTOarkiivet i Møre og Romsdal - 1997

 

Statusrapport:  Fotografane i Møre og Romsdal,  Sula  kommune

 

Fotograf Olav Nerland

(f. 26.7.1913.)

Biografiske opplysningar i artikkelform

 

 

 Opplysningar etter samtale 16.sep. 1996, Solstad, gnr. 63.007 på Sunde, Solevågen i Sula kommune.

 

Mer om Nerland!

 

Fotograf Olav Nerland er mellom de eldste nålevande fotografane i Møre og Romsdal. Frå å vere aktiv fotograf, som hadde særleg mange oppdrag knytt til skulefotograferingar, gjekk han etterkvart over til å bli grossist både på film og kontorrekvisita.  Framleis er han aktiv og driv i tillegg til engrosal, eige hustrykkeri.

 

Fotograf Olav Nerland er fødd 26.7.1913. Han er oppvaksen på Sunde i Sula kommune som eldste barn i ein syskenflokk på fire. Han bur i einebustad bygt i 1952 og er gift med Edny. Dei har fem vaksne barn, ein gut og fire jenter.

 

I 1926, 13 år gamal byrja Olav Nerland som fiskar. Han fekk vere med naboen på torskefiske i Borgundfjorden. Skule var det annankvar dag, så det vart godt med tid til ekstra arbeid på sjøen. Hummarfiske fekk han også ta del i, og allereie på hausten i 1926 hadde Olav skaffa seg eigen robåt. I 1937 slutta Nerland med fiske. Det var dårlege tider i fisket og lite å tene,  30-åra var tunge i dei fleste næringar. Året etter byrja han med foto og innramming.

 

Fotograferinga starte nokså tilfeldig. Olav og broren hadde budd seg på meir fiske. Dei hadde ein liten motorbåt og planen var å dra til Nord-Noreg med hummarteinar. Olav fortel: - Vi hadde kjøpt olje, proviant og sjøkart for heile turen, og reisa var planlagt i minste detalj. Men Olav sin mor visste ingen ting. - Morgonen vi skulle dra fortalde eg det, men mor blei heilt frå seg. Ho var redd for oss og heile turen vart avlyst.

 

Oljen fek dei bruk for, og maten likeeins. Men sjøkarta måtte dei prøve å bytte hos bokhandlar Alb.Gjørtz i Ålesund. - Betjeninga kom fram med både det eine og det andre som eg ikkje hadde noko interesse av. Men til slutt kom de med en lærebok i fotografering og framkalling, og da fatta eg interesse. Boka heitte «Gode bilder». Boka, kjemikaliar, fotopapir etc. fekk eg i byte mot sjøkarta, fortel han. Slik blei Olav Nerland på rein slump interessert i fotograferinga.

 

Dette var sommaren 1937. I løynd las Olav seg til kunnskap om fotografering, framkalling og kopiering. Han hadde skaffa seg eit bokskamera og dreiv snart med kontaktkopiering. Filmen var i 120-format og negativa var i storleik 6x9cm. 18.mai 1938 starta han opp i ein kjellar i eit leigd hus i bygda. Dei første oppdraga var framkalling av 17.maibilete for bygdefolket. Fotograferinga vart snart ein bra leveveg. Same haust starta han også opp innramming, og skaffa seg samstundes eit apparat til forstørring av bilete.

 

Negativ og kopiar frå arkivet til Olav Nerland

I 1941 fikk Nerland kjøpt eit 6x9cm foldekamera, truleg eitt av dei siste kamera som var å oppdrive i Ålesund under krigen, eit kamera han framleis har. Då tyskarane i 1941 påla alle nordmenn over 16 år pass, nytta Olav høvet og tilbaud fotografering av mest alle folk på indre Sula og bygdene omkring. Nokre stader vart provisorisk studio rigga til og han tok passbilete, td.  både på Tørla og Blindheim skule. Seinare vart det reiser til Stordalen og til Liabygda i Stranda i same ærend. Under krigen var Nerland rundt i fleire bygder på Sunnmøre og fotograferte portrett og familiebilete.

 

Nerland hadde eit lite atelier i Bjørkevågen. Det var ikkje stort, men stort nok til tre-fire personar i gruppe. Dette atelieret hadde han i 15 somrar fram til han bygde hus i 1952..

 

Livet og fotograferinga gjekk sin gang. Det var bra med familiefotografering, barn og portrett. Men det var avgrensa tilgang på film. Det vetle som kom inn legalt i forretningane blei for det meste seld «svart». - Film måtte eg ha, seier Nerland, elles ville eg blitt arbeidslaus. Seinare fekk han ordna med søknad og fekk rikeleg med film gjennom kontrollerte tyske kanalar. Først og fremst tysk Mimosa- og Esenbergerfilm. Men i mangel på rammelist vart det nesten slutt på innramming.

 

Det var ein heil del fotografering under krigen, og Nerland meiner å huske det var bra med pengar mellom folk. Mange hadde anleggsarbeid. Han kunne ha tingingar for 100 kroner og meir. Verre kunne det vere med å skaffe seg mat. Men familien Nerland var bra stilt slik og.

 

Fotograf Olav Nerland opplevde ikkje særskilde hindringar som gjorde det vanskeleg for han å vere fotograf under krigen. Det var ingen restriksjonar med mindre det galt fotografering av militære anlegg. Nerland opplevde aldri tysk mistenksomhet og razziaer  i høve arbeidet sitt, slik mange andre fotografar har fortalt.

 

Under krigen hadde Nerland ulike oppdrag. Mange stader i landet var det tvungen arbeidsteneste for jenter over 18 år, og både i Sykkylven og i Ørsta var det store arbeidsleirar, såkalla AT-leirar. Jentene var ofte utplasserte og arbeidde på gardane. Nerland tok sjølv initiativ til å fotografere desse både i 1943 og 1944. Jentene vart samla i store og små grupper forutan at det vart teke portrett av dei.  Gruppebileta vart førstørra til 18x24 cm og kosta kr 2,50. Nerland tente godt på dette. Bileta blei også selde på gardane der jentene hadde arbeidd.

 

Etter krigen reiste Nerland mykje rundt og dreiv meir enn fotografering. Han samla inn bilete som skulle til innramming, dessutan selde han bøker, for det meste kristelege romanar, forteljingar og hadde opp til eit par hundre boktitlar på same tid.

 

Import

Hausten 1957 vart salsverksemda utvida. Frå eit svensk firma fekk Nerland tilbod på kulepennar. Det var ikkje så stor avanse på dei, men kulepenna, som då var ny i Norge, var lettvint å selje. Pennane var ikkje produserte i Sverige. Ved neste forsending gjorde firmaet i Sverige en glipp, ein gammal pakksetel låg i kassen og synte at pennane kom frå Tyskland. - Eg tok kontakt med firmaet og fekk kjøpe direkte og til ein heilt annan pris, fortel Nerland.

 

Firmaet i Sverige har rekna seg særs høg forteneste. Den prisen Nerland betalte for pennane direkte frå Tyskland var så låg at han selde pennane rimelegare til butikkane enn kva han sjølv før hadde betalt til den svenske importøren!

 

Frå kontoret

Nerland fann ein stor marknad for kulepennane sine. Og han kjøpte store parti, -  frå Tyskland og Sveits. Heilt opp i 320.000 pennar, fordelt over tre sendingar, vart ein gong tinga direkte frå Sveits. Prisen vart litt under 10 øre pr. stk. inkl. toll og avgifter. Forhandlarane betalte 25 øre pr. stk. og forbrukarane truleg kring 50 øre. Det vart snart meir lønnsamt å selje kulepennar enn å ta bilete. Og fotograferinga vart mest heilt avvikla, salet av kulepennar og anna tok heile arbeidsdagen og meire til. Den tyske leverandøren hadde også film,  «Ogapan», ein japansk svart/kvitt film som vart ompakka i Tyskland og som Nerland også begynte å importere.

 

Distriktet vart etterkvart stort. Nerland vart handelsreisande nesten på heiltid. Han reiste til Åndalsnes, opp Romsdalen og ned Gudbrandsdalen og han selde både i Øst- og Vestfold. På gode dagar kunne han selje over 2000 filmar. Nord-Noreg vart den neste marknaden, heilt opp til Kirkenes. Nerland kunne selje filmen billegare enn konkurrentane. Sjølve merket Ogapan, og etterkvart fargefilmen Ogacolor var billegare. Han hadde dessutan rimeleg kontorlokal og dreiv ein familiebedrift. Ei jente var einaste faste tilsette, men eit par gutar var med om haustane då det var særleg mykje å gjere. Olav Nerland ble også grossist for Osram blitslamper. Import vart det slutt på kring 1990, men engrosalet held enno fram, om enn i mindre omfang enn før.

 

Rammeverkstaden låg lenge på is. Men dette arbeidet tok Nerland opp igjen i lag med den eine svigersonen som i dag driv eige rammeverkstad under namnet «Sviggums rammer» i Spjelkavik.

 

Nerland har hatt fleire kamera, ma. ein Hasselblad. Men som med anna fotoutstyr som etterkvart ble lite brukt, vart den seld etter nokre år. Mange år seinare kjøpte han ein 35mm Minolta, eit kamera har framleis brukar. Noko av mørkeromsutstyret er bevart, men det har ikkje vore i bruk på fleire år.

 

Arkivet

Fotograf Olav Nerland har teke vare på dei omlag 10.000 svart/kvitt negativa han har produsert. Desse ligg i mindre konvoluttar og esker med nummer. Protokollar er ført, men eit par av desse er forlagt i huset. Det finst protokoll med opplysningar til ca. 2-3000 av bileta.

 

Då fargefilmen blei vanleg i 60-åra, trappa Nerland ned verksemda, men han tok ein heil del fargebilete av skuleklassar før han slutta som aktiv fotograf. Men foto til husbruk held han fram med i dag. Bilete frå det gamle arkivet blir imellom nytta i  avisa «Nytt i Uka» i Ålesund. Dei plukkar sjølv ut motiv frå negativesker og Nerland får eit mindre honorar når bileta vert brukte.

 

Trykkeriverksemd

Til marknadsføring, produksjon av katalogar og sal var det naudsynt med trykksaker. Leveringstida frå lokale trykkeri var ofte lang og ustabil og han var avhengig av å få ting til rett tid. I 1974 kjøpte Nerland ein liten offsetmaskin. Dette vart starten på eit eige hustrykkeri som etterkvart tok på seg ulike trykkerioppdrag i nærmiljøet. Dessutan stetta trykkjeriet behovet for produksjon av eigne trykksaker han hadde særskilt interesse for.

 

Olav Nerland driv eige hustrykkeri. Her ved maskina som samlar og stifter trykksaker.

Så seint som i 1996 vart trykkeriet oppgradert og det vart investert i ei høgeffektiv moderne digital kopimaskin. I sitt 84. år driv han framleis trykkeri, er utgjevar av ulike skrifter og produserer også lotteribøker som vert selde gjennom Tybring Gjedde.           -----

 

Intervju/foto: RAL 6.sep. 1996