Kva kostar eit bilete?
"Eg
er rimeleg sikker på at personane på biletet er Karen Tøssebro og dei to
døtrene hennar, Oline og Anna. Karen var fødd på Ytre Steinnes i Ørsta i 1851
(sjå Ørstingar I, side 657; 0301a). Ho gifta seg i Ålesund med Peder Jensson
Tøssebro (1864-1895) frå byen. I 1900 budde Karen og dei to døtrene i ”Parken”
i Ålesund. Skal ein tru folketeljinga var Oline fødd i 1888 og Anna i 1892. Eg
har notert at Anna var gift med ein Amund Johansen, dei budde visstnok i
Bergen. Noko vidare om dei nemnde personane veit eg ikkje.",skreiv
tingaren av dette biletet. Kva skal han betale for bruken av biletet? Fotograf:
Johannes Sponland, 1916.
AM-95003.031415
Prising og prispolitikken er så ymse rundt om ....
Det er ikke lov å samarbeide om prisar. Pristilsynet gjer ikkje noko unnatak for institusjonane i ArkivBibliotekMuseum-sektoren. Ein viss utveksling av praksisar kring prisetteinga skjer sjølvsagt . FylkesFOTOarkivet prissett sal og bruksrett av kopiar frå arkivet etter eit sjølkostprinsipp. Samstundes tek vi ei arkivavgift i tillegg til kopipris når bilda skal nyttast av næringsdrivande, eller i avis, bøker og blad. Og td. om biletet inngår i ei påkosta utstilling eller prosjekt.
Det finst ulike praksisar for betaling av denne type formidlingstenester frå institusjonane i -sektoren. Hovudprinsippet er faktisk at vi ikkje skal tene på sal og utleie av bilda, men ha dekka utgiftene og arbeidstida som går med til å effektuere tinginga. FylkesFOTOarkivet er rekna som ei av dei "dyre"..... (sjå prislista vår her)
Biletet av de tre damene vart nyleg tinga til bruk i avis. Biletet var digitalisert frå før og lett å finne fram. Vi retusjerte biletet og sende det til tingaren som "fotofil" på e-post. Totalt tid handsaming/ekspedering: Ca 1 time. 1 time fotoarkivar, inkl sos.utg. kostar, ca. kr 250. Rekning er ikkje sendt pr i dag. Kva den blir på, og korleis vi ender opp i denne konkrete saka, kjem vi attende til.
Bilete som vert tinga fra fotoarkiv som ikkje er digitaliserte frå før er særs tidkrevjande å finne fram og ekspedere. Td. gjeld dette bilete frå fotografane Dale, Brudevoll og Ekroll sine arkiv. For å halde ei nokolunde akseptabel pris på tingingar frå desse arkiva har vi lang leveringstid....: Vi må samle opp nokre ordrar før vi drar ut på leit i arkiva som no er plasserte i magasinet ved Sunnmøre Museum...
(Tekst: RAL 5.11.2008)