FRÅ RETTLEIINGSHEFTET

 

LAG UTVALSKRITERIER

I teorien er alle bilete av interesse for lokalhistoria. I praksis må ein lage utvalskriterier. Arbeidet med fotoregistrering er relativt kostbart og bilete er dyrare å konservere enn anna arkivmateriale. Ein må difor prioritere kva bilete som skal avfotograferast. I ei større organisert innsamling kan dette vere ei oppgåve for ei nemnd samansett av personar med gode lokalhistoriske kunnskapar.

 

MERK DEG:

Nokre motiv finst det mange av. Andre særs få. Kjøkkenet vert td. nesten aldri fotografert, trass i at dette kanskje er det viktigaste rommet for oss, der vi oppheld oss særleg mykje.

 

Det finst  lite bilete frå før 1880, det finst mange bilete frå tida rundt 1905 og i perioden 1920 til 1930. Medan den økonomiske stoda i 30-åra førte til mindre fotografering. Det er færre vinterbilete og nesten ingen bilete teke i ruskever. Innebilete er det lite av før 1950. Spør særskilt etter bilete som syner gamle (handverk)tradi­sjonar. Vi legg stor vekt på grundig teksting til kvart einaste bilete.

 

MOTIV DET KAN VERE NATURLEG Å KONSENTRERE SEG OM:

·      Spesielle hendingar

·      Næring- og arbeidsliv

·      Kulturelle og sosiale aktivitetar

·      Topografi, (landskap, kulturlandskap)

·      Høgtider,  (verdslege og religiøse)

·      Fritid, leik og idrett

·      "Vesen" f.eks. brannv., helsev.,m.v.

·      Personar, (portrett og grupper).

 

 

    ”SAMLING” og  ”SIGNATUR”
    I arbeidet nyttar vi særskilt to skjema, eit samlingsskjema og eit biletskjema.
    Før vi presenterer desse   og forklarar korleis dei skal utfyllast, må vi forklare eit par omgrep.

 

Ordet ”samling” nyttar vi om bileta som tilhøyrer ein og same person eller huslyd. (Ordet ”arkiv” tyder om lag det same, sjølv om det meir presist nyttast om bilete tekne av ein og same person, eller fotograf. Samlingsskjema nyttast til ein omtale eller oversyn over alle bileta vi lånar frå ein og same eigar/husstand.

 

Ordet ”signatur” skulle ikkje by på problem: Jorun Nedrebakke får td. signaturen JNE. Låner ho ut bilete til registrering og avfotografering/digitalisering må JNE skrivast forsiktig med blyant bak kvart einaste bilete. Det er den enklaste og sikraste måten å halde orden på, slik at ho får bileta attende etterpå.

  

FØR DU GÅR I GANG!

Bruk ringperm biletskjema,  og skil samlilngane ved bruk av farga samlingsskjema.

 

Bruk eitt registreringsskjema til kvart bilete.

Rasjonaliser: Skriv felles opplysningar på 1. biletskjema

Like opplysningar (som eigar, informant, registrator mv.) må førast  på 1. biletskjema i samlinga.

På dei følgjande biletskjema kan det stå ”sjå nr. 1”, dvs. klar tilvisning til det fyrste.

 

Det er særs viktig at du SKRIV TYDELEG. Sjølv om dette er eit kladd­skjema skal det kunne lesast av ein 9 åring.  HUGS! Olav Nissen med utydeleg skrift kan bli registrert som Ola Nilsen.....

 

INNLÅN ELLER GÅVE?

Hovudregelen er at bilete vert  lånt inn til registrering og avfotografering (repro). Men dersom eigarane ønskjer det, er vi særs takksama om vi kan overta original-fotografi, slik at også dei vert oppbevarte og sikra i offentlege arkiv.

 

SORTER LAUSE BILETE ETTER STORLEIK

Bileta til ein og same eigar kallar vi altså for ei samling.

Er samlinga ein bunke lause bilete skal dei fyrst sorterast etter storleik, deretter motiv, og evt. gards- og bruksnr. Dette lettar både ditt eige arbeid og arbeid i vidare handsaming av materialet. Legg dei utvalde bileta samla i rekkefølgje i en konvolutt.

 

ALBUM leggjast i konvolutt dersom storleiken tillét det. Ikkje klipp ut bileta! Det må fyllast ut eit skjema for kvart bilete i albumet som skal registrerast. Skriv nr. forsiktig med blaut blyant under kvart bilete. Merk med gule lapper som stikk litt ut av albumet slik at det blir lett å finne fram til dei aktuelle bileta. Unngå bruk av binders. Merk utanpå albumet med signatur og kva nr. dei utvalde bileta i albumet har. Bilete må aldri klippast eller rivast ut av album, - dei står i ein samanheng og representerer ein heilskap. Vis særleg diskresjon nå album vert lånt inn!

 

BILETE I RAMME

Det kan vere uråd og somme tider direkte galt å ta ut bilete frå ei ramme. Men er det lett å ta det ut, kan ein gjere det og la ramme ligge igjen heime hos eigar. Innramma bilete vert registrert som "lause" bilete. Ver god og tørk støv og vask/puss glasset på førehand.

 

NEGATIV, dvs. film, glasplater, forutan gamle fargelysbilete etc. krev eigne registreringsrutinar. Vi vil handsame denne type fotomateriale separat og hente det inn etter nærare avtale. Har eigar denne type fotomateriale noterar du det på samlingsskjema. FylkesFOTOarkivet/prosjektleiinga vil seinare ta kontakt med eigar/registrator for evt. registreing.

 

HALD ORDEN!

Det absolutt verste vi kan gjere er å rote bort bilete for folk!

På kvart regi­strerte bilete, biletskjema og konvolutt må ein føre på signatur og biletnummer. Dette er viktig for å halde bilete og opplysningar saman, og samstundes skilje bilete frå ulike husstandar/eigarar frå kvarandre.

 

NB! Det er overlag viktig at du fører desse signatur og nr.  både  bak på bilete (i nedkant), på registrerings­skjema Bruk mjuk blyant (B4) til arbeidet! Legg til slutt bileta i konvo­lutten. Registreringsskjema oppbevararer du i ringperm. Sett kvart samlingsskjema (farga ark) framom det første biletskjema i samlinga.

 

LEVER KVITTERING

Det er viktig at du skriv tal lånte bilete på samlingsskjema og i din eigen loggbok el.l. Det gir god orden og kontroll. Sist, men meir enn viktig:  Eigarane må også få kvittering for utlån. På kvitteringa kryssast det samtidig av for at kommunen og FylkesFOTOarkivet får bruksløyve og formidlingsrett, og ikkje minst formidlingsplikt av bileta.

 

Gjennom fotoregistreringa ver bileta tilgjengelege i eit offentlege arkiv. FylkesFOTOarkivet skal saman med den lokale leiinga i kommunen stå som ein garanti for forsvarleg bruk og formidling etter faglege og etiske retningsliner. Ved særskilte høve kan bilete klausulerast.

 

Hugsar du dette og samstundes SKRIV TYDELEG har du lært viktige rutinar om fotoregi­streringa. Gløym ikkje at du låner inn privat materiale som ofte er familieklenodier for eigarane. Bileta skal leverast uskadde attende til eigarane!

 

DU HAR TEIEPLIKT!

Ikkje fortel til andre kva du ser eller høyrer heime hos folk ut over det som har med dei innlånte bileta å gjere. Bruk tid på å bygge opp tillit. Sjå litt gjennom kva bilete eigar har og snakk litt om bileta før du og eigar gjer det endelege utvalet. Ei førebels sortering eller avmerking med «gule lappar» i album kan vere eit praktisk verkty i arbeidet.

 

(Sett over/korrigert 3.8.2008.)