Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som driftar heile bildebasen til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal                 - "Gamle" søketips -

 

Fylkesarkivet i S&Fj. skriv:

Gjennom ABM samsøk kan du søkja i nettenester frå fleire institusjonar. Du vel sjølv kva basar du vil søkja i. Du kan søkja etter personnamn, stadnamn, gardsnamn, gjenstandar, hendingar, stikkord m.m. Skriv inn eit eller fleire søkeord (skil med mellomrom). Sjå og "Vis sø

Samsøk vil i utgangspunktet søke etter artiklar/datapostar som inneheld alle orda som du skrive inn i søkefeltet. Mellomrom mellom kvart søkeord.

Vil du avgrensa søket til berre ein kommune, inkluderer du kommunenamnet i søkeord.
Døme: Skriv du inn Vik handel vil du søkja etter artiklar/datapostar som omhandlar handel i Vik. For å inkludera handelsmenn, handelshus med meir må du skriva handel%.

Dersom du vil gjera eit meir avansert søk så kan du nytte følgjande operatorar inne i søkestrengen din:

Operator

Symbol

Skildring

Døme

AND

&

Søk etter datapostar som inneheld minst ein førekomst av kvart ord

katt AND hund
katt & hund

OR

|

Søk etter datapostar som inneheld minst ein førekomst av eitt av orda

katt OR hund
katt | hund

NOT

~

Ekskluder alle datapostar som inneheld eit bestemt ord eller uttrykk

katt NOT hund
katt ~ hund

ACCUM

,

Inkluder alle datapostar som inneheld eitt eller fleire av ei liste av ord, men sortert etter datapostar som inneheld flest av orda

katt ACCUM hund ACCUM mus
katt, hund, mus

EQUIV

=

Likestill to ord, slik at artiklar som inneheld det eine eller det andre blir sortert likt

katt EQUIV pus
katt = pus

NEAR

 

Angi avstand som det kan vera mellom to ord i ein datapost

NEAR((katt, hund), 6)
angir at det maks kan vera 6 ord mellom katt og hund

 

%

Angi joker-teikn for å finne ord som startar med eit uttrykk

hus%

 

*

Angi vekting av eit uttrykk når resultatet skal sorterast

hund * 10 AND katt

 

()

Bruk parantesar for å gruppere uttrykk

(hund AND katt) NOT mus

 

" "

Bruk hermeteikn for å handtere eit uttrykk med fleire ord som eitt uttrykk

("katten var her") NOT hund

 

Måten å søkje på er den same via "portalane" www.fylkesarkiv.no og www.fylkesfoto.no. Men ein kan ikke bruke kommunenamn  i Møre og Romsdal som søkjekriterium om ein går inn i databasen via Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.